Andre metodar for handtering av det radioaktive avfallet enn den som blir nytta ved Sellafield no, vert dyrare. Eigarane av anlegget har investert store beløp og dei er naturleg nok redde for at omlegging til andre metodar skal redusera avkastinga på kapitalen, — ja, kanskje setja investeringa i fare.

Dersom vi i Norge verkeleg meiner at utslepp frå Sellafield forureinar og er øydeleggjande, kan vi lett gjera noko dette: Vi kan ta eigarstyringa av anlegget ved å kjøpa ein tilstrekkeleg del av aksjekapitalen i selskapet. Gjennom et slikt grep skaffar vi oss det handlingsrommet som er nødvendig for å få ei løysing som vi er tent med på lang sikt.

Norge (oljefondsmidlane) er alt medeigar i fleire verksemder som leverer radioaktivt avfall til Sellafield. Kva er då meir naturleg enn at vi også er med på å sikra at dette radioaktive avfallet ikkje forureinar havområda langs kysten vår? Vi har råd til dette, berre vi vil. Det er frå desse havområda vi i tida etter oljeeventyret skal henta matressursar til ein verdi som venteleg vil overstiga dagens oljeinntekter.

Børge Brende har vist seg som ein klårtenkt og uredd miljøminister. Skal tru om han har mot til å bruka økonomiske musklar ved rett og slett å ta styringa med Sellafield-anlegget?

JOHS. SANDVIK,

BERGEN