Styresmakter verda rundt har kome med ei rekkje lover og forordningar som skal gjere det lettare å fakka terroristar og øydelegga dei internasjonale nettverka dei spinn.

Ein liten notis i Bergens Tidende 8. mai minte om den terroren som ikkje kan tidfestast til før eller etter den 11. september, og som diverre heller ikkje synest å gå snarleg ut på dato.

Eit offer for denne terroren er 28 år gamle Zafran Bibi. Ho sit fengsla i Kohat, dømd til døden ved steining. Ein anke mot dommen er send av pakistanske menneskerettsgrupper til den føderale sharia-domstolen. Zafran Bibi hamna i fengsel etter at ho melde svogeren sin for valdtekt. Den lokale religiøse sharia-domstolen vende klaga hennar om valdtekt til påtale for hor. Denne typen handsaming av saker der kvinner melder seksuelle overgrep for domstolar er diverre ikkje uvanleg.

Saka til Zafrana Bibi liknar mykje på det som hende då far til 18 år gamle Safia Bibi melde arbeidsgjevaren og son hans for valdtekt (zina-al-Jabr) i juli 1983. Den lokale domaren nekta å registrere skuldinga som ei valdtektssak under Hadood-lova med den grunngjevinga at det mangla fire truverdige mannlege vitner og skulda i staden Safia Bibi for hor (zina). Safia Bibi slapp straff berre etter internasjonalt press mot den dåverande militærdiktatoren, Zia-ul-Haq. Dagens militærdiktator, general Musharraf, har hausta mykje internasjonalt velvilje for støtten han har gitt til krigen mot terrorisme — og nyt godt av dette mellom anna ved store lette og nedskrivingar av utanlandsgjelda.

Det er meir enn to år sidan general Musharraf lovde tiltak som skulle betre pakistanske kvinners rettsvern. Mellom desse var ein kritisk gjennomgang og korrigering av praksis i bruk av dei islamske straffelovene, Hadood- lovene. Hadood-lovene var innført under den førre militærdiktatoren Zia-ul Haq på '80-talet, og vart integrerte i det nasjonale lovverket i 1990. Anker mot dødsdommar med utgangspunkt i desse straffelovene har som regel vorte fråfalne. Dette endrar ikkje det faktum at rettergangen med referanse til desse lovene framstår som terroriserande og vilkårleg - særleg for dei mange kvinnene skulda for zina.

Dei ulike pakistanske grunnlovene frå 1956, 1961, og 1973 slår alle fast at ingen nasjonale lover må stride mot Sharia - islamsk religiøs lov. Pakistan har likevel ratifisert - med reservasjonar - FNs kvinnekonvensjonen fra 1996. Pakistanske juristar og kvinne- og menneskerettsgrupper har i alle år pressa på sivile og militære myndigheiter for å realisere desse rettane. Ei av desse er Asma Jahangir som heldt Christian Michelsen-forelesninga i mars 2001. I eit land der knapt ein tredjedel (28 %) av kvinnene og halvparten (49 %) av menn, i fylgje folketeljinga frå 1994, kan lese og skrive er rettsgarantiane for vanlege borgar skjøre. General Musharraf som nysst har forlenga funksjonstida si som president med fem nye år, må minnast om lovnadane sine når det gjeld innføring av demokratiske spelereglar i eige land. Kampen mot terror krev både innsats internasjonalt og betre rettsvern og respekt for menneskerettane til kvinner som Safia og Zafrana Bibi.

Av Karin Ask, forskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI)