ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no

— Aurland kommune har trenert saka i årevis, og vil tydelegvis at berre selskapa som kommunen sjølv er med i, skal sleppa til på området, seier advokat Arne Gjeraker til Bergens Tidende.Han skal føra erstatningssaka for Loftesnes mot kommunen. Saka kjem opp for Indre Sogn heradsrett 2. april. Det er sett av fire dagar. Nærare 20 vitner er stemna, deriblant ordførar Ivar-Bjarne Underdal og fleire kommunepolitikarar og byråkratar.

Loftesnes krev kommunen for 318.000 kroner som han har lagt ut i arkitekthonorar og andre prosjekteringskostnader, og ein brøkdel av eigen arbeidsinnsats. Også ei fargerik brosjyre var prenta før han kasta inn handkledet.

Den velrennomerte fotografen ville etablera eit opplevingssenter til mellom fem og seks millionar kroner i turistmylderet mellom Flåmsbana og kaiene i Flåm.I senteret var det planlagt eit panoramalerret på 10x3 meter. Her skulle det visast lysbilete til musikk, ei estetisk oppleving under namnet "Fjordane under breen". Motiva er henta frå den storslagne naturen og utvalde kulturminne i distriktet. Kveldsframsyningar skulle lokka turistar til å opphalda seg i Flåm lenger enn den obligatoriske overgangstida mellom transportmiddel.

Responsen frå kommunale styresmakter var positive i utgangspunktet, frå 1995 og utover. Men så byrja kommunal sakshandsaming og kommunale vedtak å gå på tverke. Alt vart så dårleg synkronisert at Gjeraker meiner det må vera medviten trenering. Det enda opp med at Loftesnes endeleg fekk byggeløyve i januar 1999, medan opsjonen på tomta gjekk ut 1. april same året.Dermed var løpet køyrt for 99-sesongen. Til 2000 var finansieringstilsegnene forelda, fortel Gjeraker.

— Men står ikkje kommunale organ fritt til å seia ja eller nei til slike søknader?- Til ei viss grad. Men dei står ikkje fritt til å halda folk for narr. Eg bad kommunen seia frå dersom dei ikkje ynskte prosjektet, men det gjorde dei aldri, seier advokaten.