OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordI løpet av våren tek Vegvesenet og Vegdirektoratet stilling til om Stordabrua og Bømlabrua skal gjennom samme bølgereduserande tiltak som Osterøybrua, opplyser Trekantsambandets prosjektleiar Henrik Schaathun til Bergens Tidende. — I moderat, stabil vind har vi registrert rørsler i Stordabrua som gir ei sjøsjukkjensle når du går på henne. Men det er ikkje tale om så store vindutslag som på Osterøybrua, seier overingeniør Asbjørn Valen, ansvarleg for bruprosjekta i Trekantsambandet.Stabil vind inn frå sida mot brukassane skapar ein turbulenseffekt som gir brua oppdrift. På den fire år gamle Osterøybrua blei det registrert rørsler der bølger i brudekket blei målte til 120-130 cm frå topp til botn. På Stordabrua, som opna for trafikk 27. desember, er det så langt tale om under halvparten så store utslag.På Osterøybrua er det montert spoilarar i stål på undersida av brukassen. Desse strupar effektivt turbulenseffekten. Samme tiltak blir sannsynlegvis gjennomført på Stordabrua og Bømlabrua.Stordabrua svingar mest når det kjem ein moderat, jamn vind frå aust, gjerne utan at det er krusningar på sjøen i Digernessundet. Ifølgje Asbjørn Valen er Bømlabrua i så måte meir utsett for kastande nedbørsvindar frå nord, nordvest eller sør.Tiltaka mot brusvingingar har ikkje noko med tryggleik å gjera, understrekar Valen og Schaathun. Det skjer utelukkande av omsyn til at trafikantar ikkje skal føla det ubehageleg å - kryssa bruene.Bruene er konstruerte for å tola vind som blæs med ein fart av 43 meter i sekundet i snitt i ein timinuttarsperiode. Grensa for orkan er 32,6 meter pr. sekund. Det er opp til politiet å vurdera kva tid trafikken over bruene skal stansast også av omsyn til vind- og nedbørsforhold.