Av Ingmar Solvåg,leiar i Selje Senterparti

Det høyrest flott og fint ut, og folk kan tru at endeleg skal det verte plass til deira ungar også. Men, vi kjenner lusa på gangen, og alle som har vore innom kommunepolitikken veit at det er ikkje manglande vilje til å gje innbyggjarane eit tilbod som pregar kommunepolitikarane. Det er tvert om manglande vilje frå Arbeidarpartiet og Høgre ( pluss Frp. Sjølvsagt!), til å gje kommunane våre nok pengar til å klare oppgåvene sine.

I alle budsjettsamanhengar er det Arbeidarpartiet som legg lista over kva folk skal få til skular, barnehagar, sjuke— og aldersomsorg, snøbrøyting og vedlikehald av vegar, osb. Det er også i Stortinget det i realiteten vert avgjort kva nivå kommunane må leggje seg på i avgifter av ulikt slag.

Eg sa at det er Arbeidarpartiet som legg lista, og det er fordi Høgre og Frp til ei kvar tid vil gje mindre til kommunane, og i alle høve Senterpartiet vil gje meir. Det gjer at Senterpartiet har vore med på fleire budsjettsamarbeid med Arbeidarpartiet for å få meir til kommunane, sjølv om Sp på denne måten vert medskuldig i alle avgiftene som staten strør om seg med.

Men, på den andre sida kan du spørje kven du vil av lokale politikarar, kor i all verda det skulle gått med kommunane om ikkje Senterpartiet hadde vore med å sikra dei ekstra millionane til din kommune?

Eg har ikkje så lang merittliste å vise til i politikken, men eg har vore nok med til å sjå at alle lokalpolitikarane, uansett kva parti dei tilhøyrer, er samde om at vi får for lite tilbake av verdiane vi tilfører storsamfunnet.

Det må vere tungt for stortingsrepresentantar (særskilt tidlegare ordførarar) frå Høgre og andre parti, å reise inn til Oslo og stemme for reduksjonar i heimfolket sine levekår.

Til slutt ei oppmoding: Stem inn folk som slepp å skifte meining når dei kjem til Oslo!!!