Dialogforum er namnet på Arbeidarpartiets gjenreisingskommisjon. Der sat det mykje gildt folk, men det var ikkje enkelt å staka ut ein ny kurs for eit parti som — nesten over natta - vart brutalt svikta av halve veljarmassen. Korleis kunne det gå så gale? Og kan det tenkjast at Det norske Arbeidarparti atter ein gong skal veksa til gamle høgder og få oppunder 40 prosent av røystene? Dersom vi les kommentarane i forkant av helgas landsmøte er svaret nei. Arbeidarpartiet er deklassert og har no status som eit - nokså ordinært - mellomparti.

Det har sine grunnar. For det første er det inne i mitt hovud nesten uforståeleg at Jens Stoltenberg kunne ta makta i mars 2000 på kampen for gamaldagse gasskraftverk. Det har Stoltenberg og partiet hans fått betala dyrt for. Partiet er i denne saka på kant med alt som heiter miljøorganisasjonar, med AUF og delvis med seg sjølv. Korleis kunne partiet gjera ein så formidabel bommert?

Stoltenbergs nye standpunkt

Elisabeth Skarsbø Moen - VG-journalist med fersk biografi om Stoltenberg - gir noko av svaret. Stoltenberg var i utgangspunktet ein heftig motstandar av gasskraftverk. Men han skifta syn, og det kan sjå ut som om han gjorde det som ei tilpassing til nye realitetar meir enn av ekte overtyding. Kan det intense engasjementet for tradisjonelle gasskraftverk forklarast med at Stoltenberg skal overtyda seg sjølv og andre om at dette er eit standpunkt han står inne for?

Han har i alle fall halde fast ved dette standpunktet, og han greidde med prokuratorgrep å forhindra at regjeringa hans løyvde fire milliardar kroner til eit prosjekt som skulle utvikla CO2-frie gasskraftverk. Skarsbø Moen skriv at «I ettertid står Stoltenbergs iherdige jobbing for å få bygget gasskraftverk i Norge som det tydeligste politiske viljesprosjektet hans.» Då er det ikkje rart det går gale. NRK-journalist Magnus Takvam, som nyss har skrive bok om maktkampen mellom Stoltenberg og Jagland, trur mykje av Arbeidarpartiets elendigheit kan forklarast med at partiet felte Bondevik på ei miljøsak. Det trur eg òg. Sånn sett får partiet som fortent.

Mist viljen til makt

Men det verre enn som så. Arbeidarpartiet har mist viljen til makt, og framstår ikkje lenger som eit parti folk kan stola på. Før visste folk at Arbeidarpartiet - i motsetning til ein del andre parti - ikkje lefla med lettvint folkemeining i viktige spørsmål. Partiet tok makta så sant det kunne. Arbeidarpartiet gjorde det som var nødvendig, endå om det var upopulært. Og det tok ansvar for heilskapen der andre sytte for sine.

No er det ikkje slik lenger. Når folk krev billegare bensin og Carl I. Hagen seier han vil setja ned bensinprisen, så bøyer Ap av og seier det same. Kvar gong folk klagar på høge straumprisar når dei skal varma opp terrassegolva sine, så svarar Arbeidarpartiet at dei vil kutta el-avgifta. Ap er snart like lydhøyr for folks urimelege klagemål som Framstegspartiet. Somme kallar det å ha kontakt med grasrota. Eg kallar det billeg populisme.

Og så er det blitt slik at jamvel garva sosialdemokratar spør seg kvifor dei skal røysta på Arbeidarpartiet? Står Ap for noko anna enn t.d. sentrumspartia? Fører Ap ein grunnleggjande annleis økonomisk politikk enn Høgre-mannen Per-Kristian Foss?

Same politikk

Tja, sei det. Mange - altfor mange - meiner det kan vera eitt feitt. Rett nok vil Stoltenberg ha ein litt annan fordelingsprofil enn Høgre, men kva med premissane for den økonomiske politikken? Har dagens Ap andre svar der enn Høgre?

Nei, det har ikkje det. Det var statsminister Jens Stoltenberg som innførte det nye regimet i pengepolitikken. Han gav sentralbanksjef Svein Gjedrem alle fullmakter og beskjed om å styra etter eit inflasjonsmål på 2,5 prosent. Om det fører rentefoten til nye høgder, så får det stå til. Denne politikken er velsigna av Høgre, og dermed framstår den gjeldande økonomiske politikken - som kan bli ei tvangstrøye for politikarane - som den einaste gangbare. Så får det våga seg om det er denne økonomiske politikken som har trigga ei storstilt avindustrialisering av fedrelandet. Politikarane, anten dei er i Høgre eller Arbeidarpartiet, kan ikkje anna gjera enn å løfta på skuldrene. Kan det tenkjast at mange sosialdemokratiske veljarar forlet partiet av slike grunnar?

Ap som alternativ

Hallvard Bakke - som stadig er sosialdemokrat - viser i alle fall at det finst alternative måtar å tenkja økonomisk politikk på. Også andre har tankar om dette. Men dei blir ikkje lytta til.

Eg veit ikkje kor rettferdig det er å skulda Jens Stoltenberg for å ha kome for lett til det her i livet. Tida som nestleiar i Arbeidarpartiet har tidvis vore tung. No skal han overta eit lite konkursbu. Trøysta får vera at han har vore ein sentral medspelar - og lagt grunnlaget - for nedturen. Er han mannen som kan atterreisa Arbeidarpartiet.

Han bør kanskje justera ned ambisjonane? Det er ikkje sikkert det står skrive i stjernene at Arbeidarpartiet pånytt skal få ei dominerande rolle norsk politikk. Kanskje vi om nokre år får eit stort Framstegsparti og eit nesten like stort SV, med eit mindre Høgre og eit like lite Arbeidarparti i mellomposisjon? Heilt utenkjeleg er det ikkje.

Viktigaste saka på landsmøtet i Oslo i helga er å visa folk at det er gode grunnar for å røysta på Arbeidarpartiet. At Ap er eit relevant alternativ. Det er desse grunnane som er blitt så utydelege for folk dei siste åra.