Av Ragnar Nordgreen,

avdeling for reiseliv og samfunnsutvikling ved Høgskulen på Lillehammer

Etter innlegga til Helge Møller, Edmund Harris Utne, Geir Midtun og Bjørn Myhren (forkorta MUMM i det følgjande) å døme, burde kronikken hatt ein undertittel ihopsett av ord dei brukar mot meg, «Skræmande feilinformasjon og bestillingsverk frå ein synsande, useriøs politikar med skjult dagsorden». Kvifor må eit fagleg tilskot til eit viktig ordskifte gje opphav til aggresjon og mistenkeleggjering meir enn til sakleg argumentasjon og meiningsutveksling? MUMM skriv som om eg vil hardingane vondt. Nei, kva eg vil er dette: Fortelja kva sumarturistane meiner om hardangerferjene.

Fortelja noko om kvifor tyskarar og andre utlendingar søkjer Noreg og Hardanger. Fortelja noko om kva me veit om turistar og ferjer i Noreg.

Slå fast at på den eine sida dei som tuftar verksemda på bussturisme, og på den andre dei som satsar på individuelt reisande, på kultur— og tradisjonstufta reiseliv, på gards- og landbruksturisme, på opplevings- og læringsturisme vil oppleva ulike fylgjer av bru. Slå fast det viktige skiljet mellom transporteffektivitet og reisetrivnad.

Eg innrømmer at eg er glad i hardangerferjene. Sjølv den stutte turen frå Brimnes til Bruravik er ei lita kjærleikens ferjereise. Men diskvalifiserer det meg?

Eg skriv om ferje som del av riksvegsamband, ikkje om turistutflukter med båt. Eg læst ikkje vurdera yrkesreiseliv, men tek utgangspunkt i ferie- og fritidsturisme. Eg seier at dersom utlendingar på feriereise er viktig for Hardanger, lyt ein òg sjå bruprosjektet i det ljoset. Eg påstår ikkje atterhaldslaust at bru er gale, men åtvarar mot å feia motførestellingar under teppet. Eg åtvarar mot å gjera seg blind for at bru ogso kan tyde trugsmål ein lyt ta på ålvor, jamvel om ein ikkje bøygjer av for dei. Brutanken bør ikkje berre beskrivast i blømande brosjyresjargong.

MUMM ser ikkje ut til å tola dette, sidan dei svarar med å mistenkeleggjera meg personleg. Dersom MUMM sine argument ikkje toler motargument, då er det noko gale med argumenta deira. Ein viktig spore til utvikling av konkurransekraft i næringslivet, er krevjande kundar og kritiske blikk.

Difor skreiv eg i rapporten til Reisemål Hardanger Fjord (RHF) at det er «ý viktig at RHF er pådrivar andsynes ferjeselskapet ...», altså at dei stiller krav til HSD med utgangspunkt i data frå undersøkinga mi. Har RHF stilt krav til HSD? Å avvisa krevjande kundar og kritikarar er å halda framtida unna synsfeltet sitt. Det er å gjera seg blind for føremonar ein kan utnytta, og trugsmål ein kan avverga om ein ser dei i tide. Det er å vera dårleg strateg. MUMM bør gå inn i ordskiftet so trygge på seg sjølve at dei torer vera opne for at ogso andre kan ha litevetta å fara med.

Harris Utne ser færre tyskarar, treng dei ikkje, og meiner dessutan at tyskarane er bruentusiastar som ikkje torer gå ut av bilen på ferje. Hollendarar finst ikkje for Harris Utne. Tyskarar og hollendarar reiser individuelt, ikkje med buss. Difor interesser er ikkje Harris Utne seg for dei. Det er heilt greitt so lenge han ikkje eslar seg til å tale på vegner av stort og smått i reiselivsnæringa. Ikkje alle som lever av reiseliv i Hardanger vil erstatta tyskarar og hollendarar med samlebandturistar frå Japan, Korea, Amerika og Sør-Afrika. For det samla hardangerreiselivet er tyskarar og hollendarar interessante, sjølv om dei søkjer andre opplevingar enn Harris Utne si bedrift. 18 prosent ý 135 av dei 765 turistane me intervjua var tyskarar, og 13 prosent ý 97 var hollendarar. Tyskarar og hollendarar utgjorde meir enn 60 prosent av alle utlendingar me intervjua.

Dei reiste med ferje som ein del av riksvegsambandet i Hardanger, og gav ferjene svært godt skotsmål. Me veit mykje om kva tyskarar som kjem til Noreg og Hardanger søkjer hjå oss. I kronikken oppgav eg fleire av kunnskapskjeldene. Det er lurare å lese meir om eigen marknad enn å kalla den som syner veg til kjeldene for synsar.

Mellom linene skriv MUMM «Hald deg unna Hardanger!» Kommunikasjonstilhøva på Lillehammer brukast som argument for at hardingar ikkje må lya på fagfolk ved Høgskulen i Lillehammer. Eg blir kalla «politikar», sjølvsagt for å få lesaren til å tru at eg som fagmann siglar under falsk flagg.

Jau, jau. Eg er like mykje politikar som Geir Midtun ý han sit for Høgre i heradsstyret i Ullensvang, eg for Arbeidarpartiet på Lillehammer. Samferdsle- og reiselivspolitikk for Hardanger står ikkje på saklista korkje i Lillehammer eller Oppland Arbeidarparti. Men reiselivspolitikk for ein unik region som Hardanger er sjølvsagt eit emne ved Høgskulen i Lillehammer. Politikk er noko eg brukar fritid til, men ogso fritidspolitikarar kan vera fagfolk. Eg veit ikkje kva MUMM brukar fritida til, men eg har høyrd at Helge Møller er gamal Nygaards-gutt. Det er eg òg.

Då synest eg i minsto han og eg må kunna halda ein personleg tone som sømer seg eldre Nygaards-gutter imellom.