Men etter som åra gjekk fekk eg kjennskap til kva det var. Eg har møtt barn, ungdom og vaksne som har opplevd at mor og far skilde lag. Mange hadde fått sår på sinn og sjel. Me har fått ei utruleg likesæle i samfunnet. Det vert tatt statistikkar, forska, laga rapportar og kommentert at det er mange skilsmisser, og så vert det sagt: Det er berre slik.

Men kva er det me talar om?

Evangelisten Billy Graham har skrive: «Ekteskapet og familien er ikke en smart idé som samfunnet i seg selv har klekket ut. Familien ble ordinert av Gud lenge før Han etablerte noen annen institusjon, selv før kirken.» Heimen med mor, far og barn er sjølve grunncella i samfunnet! At så mange heimar går i oppløysing er eit av våre største samfunnsproblem.

Ser du dette, du mor og far?

Dersom de går frå kvarandre skaper det vanskar for barna og for dykk. Barna har lite å seie i dette spørsmålet. Men det fører til tårer, smerte og fortviling. Men dei er makteslause. Barn og unge har fått problem i skulen og på andre plan i samfunnet. Dei kjem i ein situasjon der dei ikkje er trygge, og som dei ikkje kan noko for. Ser du, mor og far, ansvaret og kor viktig heimen er for dei som er det mest verdfulle de har?

Barna kjem i ein situasjon dei ikkje ser alle konsekvensar av. Livskvaliteten blir endra for dykk og barna. Ingen stønadsordningar, økonomisk hjelp, lærarar, psykologar eller andre fagfolk kan erstatta deg som mor og deg som far. Heimen er ramma om livet for dykk alle.

Det kjem utfordringar og problem. Du må forsaka ein del, du må kanskje ofra deg i visse høve, eller bli audmjuka, ja, kanskje lida urett. Men tenk på barna. Og eg trur du vil oppleva at heimen blir ein trygg og god plass for barna dine, og at det vil auka livskvaliteten din.

Eg er så takksam for heimen eg fekk veksa opp i. Me var sju barn og økonomien var langt frå det som er vanleg i dag. Men me var trygge og fornøgde, og kjende at me var verdfulle.

Eg kan ikkje skryte av dette. Det låg heilt utanom det eg kunne styra eller kontrollera. Eg kan ikkje for at eg er nordmann, at eg vart fødd i den familien og voks opp der. Dette ansvaret låg heilt og fullt på mor mi og far min.

Men eg er heilt klår over at hadde eg opplevd at mor og far skilde lag, så hadde eg ikkje vore den eg vart. Det hadde ruinert mykje i livet mitt. Eg vil med dette oppmuntra deg mor og deg far til å satsa på familien dykkar.

Vert det problem så søk råd, hjelp og støtte, og ta tid og tenk ut løysingar. Be om tilgjeving og gje tilgjeving. Tenk på det gode og positive de har hatt i lag, og sjå framover kva godt de kan få oppleva i familien. Heimen har verdiar som ikkje kan målast i pengar og ting!

Eg håpar og ber om at det må lukkast for deg og dine.

Johannes Hovda