DEBATT

Av Arne Søgnen

Som statsråd er du vel travelt oppteken med å redusere sjukefråværet her i landet, men eg håpar du tek deg tid til å lese dette brevet. Saka er viktig, for problemet er i ferd med å truge eit velferdsgode som er særs viktig for folk med låg og middels inntekt.

Sist eg såg deg på nyheitene, prøvesmaka du fruktdrikkar av ananas og gulrot som tiltak for å redusere fråværet. For å ta del i noko slikt må ein anten vere dum, eller slite med inkompetente medierådgivarar. Eg kan forsikre deg om at innslaget var svært provoserande for ein ovnshusarbeidar på attføring.

Du sit med det politiske ansvaret for forvaltninga av Arbeidsmiljøloven og Arbeidstilsynet. Korleis kan det henge saman at fagdepartementet for bokholderiet har ansvaret for interne miljøtilhøve når Miljødepartementet har ansvaret for det eksterne?

Forsvarsministeren har då ikkje ansvaret for fiskeflåten.

I sommar las eg i BT at sjukefråværet kosta samfunnet 85 milliardar kroner. Like etterpå prenta BA ein artikkel av overlege Wannag i Arbeidstilsynet om at yrkesrelatert skade og sjukdom kosta 65 milliardar kroner. Dersom desse tala er korrekte, er kostnaden med «eigen» sjukdom 20 milliardar. Då vert det feil frå Samarbeidsregjeringa å innføre karensdagar, men dei styrande har lett for å moralisere i høve dei styrte. Skuldast sjukdom berre moralsk brist og dårlege gener?

I haust stod det å lese i BT at overlege Tor Norseth i Statens arbeidsmiljøinstitutt ville genteste ovnshusarbeidarar for å selektere bort dei som er arveleg disponert for astma. Eg kan forsikre overlegen om at berre eit fåtal har astma. Men alle vil få Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) då ingen levande organisme tåler store mengder nitrøse gassar, diverse fluorider og støv, sigarettar, svovel— og carbondamp, over tid. Det heiter seg at «tiden leger alle sår, - men tiden sårer også enkelte leger» (K. Fløgstad: «Arbeidets lys»). Er det grunn til å hevde at arbeidsmedisinsk forsking og rapportering er styrt av andre mål enn å førebygge yrkessjukdom?

Historia er full av døme på at bedriftslegar ikkje har som mål å førebygge yrkesskade, men å ivareta bedriftene sine interesser, i full forståing med ditt departement. Endå ein useriøs påstand?

Nei, men gjeldande praksis. Arbeidstilsynet har delegert tilsynsansvaret til bedrifter med eigne helse- og tryggingsavdelingar. Ein overlege i tilsynet har fortalt at samarbeidet fungerer «utmerket». Særleg godt i høve til selskap som Hydro Aluminium, det same selskapet som NRK utropte til «storprodusent av uføretrygda 50-åringer». Trygdesjefen kunne fortelje at talet på uføresøknader i Årdal auka med 100 prosent i høve landsgjennomsnittet. Fagforeiningsleiaren trudde det skuldast tungt fysisk arbeid. Mest truleg skuldast det yrkesrelatert KOLS og muskel/skjelettlidingar, eit generelt problem der Hydro har sine verk. Samstundes svinga konserndirektør Reiten tryllestaven og sa «alt daukjøtt må vekk skal Hydro bli eit leiande selskap». Trygdeetaten fekk nye munnar å mette. Sosial dumping er eit dekkjande ord.

Det er tankevekkjande at det er Statens forureiningstilsyn (Miljødep.), ikkje Arbeidstilsynet, som krev nedstenging av gamal, forurensande aluminiumsteknologi.