Dei utanpåliggjande søylene vart m.a. kalla «Barbie»-bein. Men prosjektet vart gjennomført. I november 2002 såg vi på fjernsynet sjokkerte bergensarar konstatere at søyleflatene har langsgåande rifter i heile søyla si lengde og der er store skader i granitten. Skadane må utbetrast og kunstnaren Bård Breivik og entreprenøren kranglar om kven som skal ta kostnaden med å reparere skadane: Den kinesiske granitten er truleg ikkje tilpassa vêret på Vestlandet. Kvaliteten er ikkje god nok.

Samstundes høyrer ein om Gulatinget som tusenårsstad i Sogn og Fjordane. Eit spennande prosjekt. Kven skal finansiere prosjektet? I 1999 vedtok stortingspolitikarane ei løysing på 16 millionar kroner. Kven skal forme ut prosjektet? Kunstnaren og bergensaren Bård Breivik. Kvar skal steinen kome ifrå? Kina.

I takt med den aukande arbeidsløysa i Noreg utover hausten 2002 og våren 2003 stig spenninga for underteikna: Når vil nokon med ansvar stille kritiske spørsmål til prosjektet?

I eit intervju i radioen 25. juli høyrer vi i eit intervju med Oslo-dama og prosjektleiar Martine Rød at no er tonnevis med stein på veg ifrå Kina til Gulatinget med båt. Samstundes som vi veit at «Barbie»-beina i Bergen slår sprekker, uttaler prosjektleiaren om Kina-steinen at «alt som er i stein blir fundamentert og står til Dovre faller». På spørsmål frå reportaren om kvifor ein ikkje nyttar norsk stein, fortel prosjektleiaren at det finst ikkje så store steinar i Noreg. Og så legg ho til:

Dessutan har det noko med pris å gjere.

Kunstnaren Bård Breivik uttaler 19. august 2003 at dette er eit «kjekt og ærefullt arbeid», og kremmaren Breivik legg til orda «stillferdig og spektakulært».

Gulatinget er demokratiet si vogge i Noreg og opprinninga til den norske rettsstaten. I Snorre Sturlason sine kongesoger kan ein lese: «Kong Olav drog med folket sitt til Gulating, av di bøndene hadde sendt bod til han om at dei ville svara på talen hans ...» Deltaking i lokalpolitikken nokre år har lært meg at ein ofte kjem langt med sunt bondevit: Det er viktig å stille dei enkle spørsmåla. No vil eg sende bod på kong Harald sine valde menn og kvinner på Stortinget, i fylkestinget og dei tilsette i embetsverket og eg vil ha svar på følgjande:

Sogn og Fjordane og Noreg elles er fullt av stein, og vi har ein steinindustri som leverer svært bra kvalitet, men har problem med å overleve: Steinrøys, steinrøys, svelt i hel. Noreg har 100.000 arbeidslause. I denne situasjonen skal ein nytte 16 millionar offentlege skattekroner til å importere stein ifrå Kina for å utsmykke Gulatinget, det norske demokratiet si vogge.

Offentlege midlar vert nytta til å utkonkurrere norske arbeidsplassar med kinesisk stein. Og — det skjer når ein veit at tilsvarande Bård Breivik-prosjekt med Kina-stein, viser at kvaliteten ikkje er god nok.

Kven har ansvaret? Kvifor gjer ein dette?

Ber om svar før valdagen 15. september 2003.

MORTEN HOLMBERG, VIK