GERDFINN EITHUN gerdfinn.eithun@bergens-tidende.noFørde

— Smellet var som ei dynamittsalve, eg trudde det var sprengingsarbeid på gang, seier Steinar Eide til Bergens Tidende etter den voldsomme kollisjonen ved avkøyrsla til huset hans på Farsund i Førde klokka 0550 laurdag. Ulukkesbilen hadde sneia autovernet femti-seksti meter før kollisjonen med bilen som stod parkert mot ein halvannan meter høg mur på avkøyrsla til Eide. I den voldsomme samanstøyten vart ulukkesbilen løfta over muren og slengd 30 meter i køyreretningen. Spora viser at bilen gjorde ein halvsirkel før han vart ståande på tvers i vegen på venstre side. Den hardt skadde ungdommen låg endå nokre meter lengre unna kollisjonspunktet. Døra på førarsida var slått vekk og den unge føraren har vorte kasta ut. Han brukte ikkje bilbelte.

Sprang til - Ein granne hadde høyrt kva som skjedde og vi ringde alarmsentralen samstundes, fortel Eide. - Eg treiv med meg brannsløkkingsapparatet og sprang opp til vegen, der bilen vår låg på taket. Like etter oppdaga eg den andre bilen som stod knust eit stykke unna. To sjukepleiarar kom samstundes til ulukkesstaden. Dei prøvde å gje ungdomen førstehjelp til ambulansepersonellet overtok. Men skadene var livstruande og mannen døydde klokka 0810 på Sentralsjukehuset.

Ukjend årsak Politiførstebetjent Åge Løseth ved lensmannskontoret i Førde kunne i går ikkje gi svar på kva som var årsak til ulukka. Bilen køyrde i retning frå Førde mot Jølster og ulukkesstaden ligg i ei 60-kilometersone. Men Løseth vil ikkje spekulere i kva fart bilen kan ha hatt. Det var ingen direkte augevitne til ulukka, men politiet kom raskt til staden etter at varslet kom. Ulukkesbilen, ein BMW 94-modell, vart totalt vrak etter å ha brasa inn i den parkerte privatbilen. Bilvraket vert rutinemessig granska av Biltilsynet.

For tredje gong Det er tredje gongen Steinar Eide opplever at bilar har køyrt i grøfta stamvegen like ved avkøyrsla hans. Siste tilfellet skjedde for berre eit par veker sidan. Då kom bilen i motsett køyreretning, mot Førde, og brasa av ein eller annan grunn mot bakken på høgre sida. - For to år sidan var eg augevitne til ei utforkøyring på same staden, fortel Eide. Men i dei to første tilfella hadde bilane moderat fart og ingen personar kom til skade. To trafikkdøde på ei veke Dødsulukka på Farsund er den andre på ei veke på vegane i Førdeområdet. Sist måndag frontkolliderte ein personbil med ein lastebil på Skilbrei og ein mann frå Bergen omkom momentant. Bergensbilen skar over i venstre køyrebane og tok fyr.