«Ja, peronistane er korrupte, men det er diverre ikkje det verste problemet landet er oppe i no.

Det trengst leiarskap i landet, og dét kan dei — peronistane – tilføra». Det er Richard Lapper, ansvarleg for Latin-Amerika-stoffet i Financial Times som såleis set ein etisk standard som ulukkelegvis ikkje er heilt uvanleg hjå visse økonomiske kommentatorar. Kva er så det verste problemet for Argentina nett no? For mange er det på kort sikt at det manglar valuta i marknaden. Mange er redde for at dei har mista pengane sine. 60 milliardar i kortsiktig sparing og 65 milliardar i lån har rike og mindre rike argentinarar i sine kundetilhøve med bankar i Argentina. Trudde dei.

Men bankene kjøpte verdipapir for argentinarane sine pengar, og desse verdipapira er ikkje lenger verdt noko som helst, for det let seg ikkje gjera å innløysa dei. Det finst 5,5 millionar låntakarar i Argentina, dei fleste med relativt små lån, for 1.279 låntakarar står for 48 % av låna, og dei 52 største låntakarane - dei store selskapa – har til saman lån på 26 milliardar US-dollar. Kva som skjer med desse låntakarane no, er eit stort spørsmål som ingen heilt tør å nærma seg. Her heime har økonomiske kommentatorar vore mest opptekne av at Argentina har vore «økonomisk vanstyrt og gjennom korrupt». Men sjølv om dette er sant, er det altfor enkelt, ja nærast naivt, som forklaring. MIT-guru Paul Krugman hengjer bjølla på katten når han i New York Times hevdar at den økonomiske politikken i Argentina ber merkelappen «Made in Washington». «Den totale fiaskoen for denne politikken er ein katastrofe ikkje berre for argentinarane, men også for USA sin utanrikspolitikk», skriv Krugman i spalta si. Det var økonomar på høgresida i USA sin økonomiske andedam som for vel ti år sidan oppmoda argentinarane til å binda den argentinske peso'en til verdien på dollar. «Fastkurspolitikken (1 peso = 1 dollar) kan halda fram utan problem», står det å lesa som konklusjon i ein rapport frå Fundación Mediterránea i Argentina i midten av desember 2001. Rapporten var eit bestillingsverk frå Finansdepartementet og tar føre seg problematikken dollarisering versus devaluering. «Den tekniske grensa for dollarisering er for lenge sidan overskriden», heiter det i eit krøkkete, teknokratisk, lite gjennomsiktig og udemokratisk språk i ein kommentar frå Domingo Cavallo, som framleis var finansminister i Argentina.

Det som i ettertid spring ein i augo med det optimistiske scenariet i rapporten, er at det er blitt til på same tid som det sosiale opprøret greip om seg i det søramerikanske landet. Eit slikt sosialt opprør er ikkje ein gong omtala som ein eventualitet, noko som talar sitt tydelege språk om den sosiale og politiske analfabetismen hjå dei økonomiske ekspertane som hadde utarbeidd rapporten. Den 21. desember i fjor måtte Domingo Cavallo innsjå at han hadde tapt og leverte inn avskilssøknaden sin til Fernando de la Rúa, som enno nokre timar skulle få vera argentinsk president. Men det var ikkje det at fattigdommen hadde auka i landet som fekk den gjenstridige finansministeren til å gå av. Pensjonistane, som ofte ikkje får utbetalt den månadlege pensjonen, hadde protestert fredeleg i årevis rundt Kongressplassen, utan at det hadde fått Cavallo eller dei autistiske ekspertane i Det internasjonale Pengefondet (IMF) til å endra så mykje som eit komma i innstrammingspolitikken overfor Argentina. Eller kan henda vi skal seia det på ein annan måte: Dei fredelege demonstrasjonane hadde ingen annan konsekvens enn at IMF stramma til ennå meir og kravde ennå større forsakingar av det frå før utpinte fattigfolket i Argentina. Men då det same fattigfolket tok sakene i eigne hender og plyndra butikkar og trailarar med mat, då dei fekk støtte av middelklassen og med kasserollar inntok gatene med krav om at regjeringa måtte gå av, då fann finansminister Cavallo ut at det var på tide å gå av. Leksa ein kan læra av dette, er så enkel at sjølv den mest naive kan forstå den. Domingo Cavallo har vore ein av gromgutane til IMF. Han har hatt ein avgjerande finger med i spelet i argentinsk økonomisk politikk i meir enn 25 år, heilt sidan dei militære tok makta der i 1976. Han blei på 1990-talet sendt til Ecuador for å hjelpa til med privatiseringar og dollarisering der, med det resultat at det braut ut omfattande sosialt opprør og ei politisk krise som gjorde at to presidentar måtte ta sin hatt og gå. Som om ingen ting skulle ha skjedd, blei Domingo Cavallo så sendt til Moskva med privatiserings- og fastkursmedisin i kofferten.

Men russarane sa njet til den argentinske løysinga, devaluerte samstundes som dei erklærte at dei ikkje var i stand til å betala utanlandsgjelda, og kom seg etter kvart litt på fote att. Domingo Cavallo har òg i alle år vore ein skatta foredragshaldar og gjesteprofessor i USA.

Den argentinske staten si utanlandsgjeld på 135 milliardar US-dollar er blitt til takk vera slepphendt lånepolitikk hjå dei største bank- og finansinstitusjonane i verda. Men dei lånte pengane kom stort sett ikkje fram til fabrikkane i Rio de la Plata-området eller til dei kolossale landbruksområda landet er forsynt med. I staden hamna dei på private konti i skatteparadis som Sveits, Lichtenstein eller ei karibisk øy. Ein har rekna ut at kapitalflukta frå Argentina har vore på om lag 120 milliardar US-dollar dei siste tjue åra, nesten nok til å betala ned utanlandsgjelda. Det internasjonale finansvesenet har støvsoge Argentina, medan privatiseringane av statsverksemd og opninga mot den internasjonale marknaden har ruinert industrien i landet. Det blir snakka ope om at fattigfolk si plyndring av varemagasin er ei legitim handling viss ein jamfører med det internasjonale finansvesenet si plyndring av landet sine finansar. «Vi må bli meir opptekne av menneskeverd enn av å vera kredittverdige», blei det hevda med styrke under demonstrasjonane på Mai-plassen i Buenos Aires 20. desember i fjor.

IMF-representantar var like etter desemberopprøret så freidige at dei tok sin del av æra for at finansminister Domingo Cavallo var fjerna, og såg då heilt bort ifrå at dei heilt fram til dei seinaste åra har sett på Argentina som ein av dei beste i den marknadsøkonomiske klassen. I Argentina har ein snakka ope om at landet har vore eit prøvelaboratorium for den nyliberalistiske økonomiske modellen. Det er for så vidt ikkje berre IMF som har svin på skogen i Argentina. Spanske selskap investerte på 1990-talet 41 milliardar US-dollar i det søramerikanske landet og sikra seg kontroll over telefonselskap, olje, gass og el-verk då tidlegare statlege argentinske selskap blei privatiserte til spottpris. No etter devalueringa av peso'en klagar dei si «naud» fordi dei ikkje vil tena så mykje som før. Og dei gjer det utan skam, etter at dei har lagt aude lokalsamfunn som like før hadde syda av liv og som no var blitt forvandla til spøkjelsesbyar etter at til dømes oljeindustrien flytta verksemdene til andre stader og folket i flokkar søkte til Buenos Aires, eller emigrerte. Kasinokapitalisme kallar ein dette i Argentina, med ein term som syner at dei som står bak den økonomiske politikken, spelar hasard med folk og natur. Dei ekstremt marknadsliberalistiske 1990-åra har alt fått nemninga «det usømelege tiåret», tiåret då eit naturrikt land, mykje rikare på naturressursar enn noko europeisk land, blei plyndra av utanlandske finansinstitusjonar og investorar i nært samråd med det lokale politiske og økonomiske establishment. Og sanneleg ser det ut til at han skulle få meir rett enn han ante, den tidlegare presidenten i Uruguay Julio María Sanguinetti, då han mest for spøk delte verda inn i fire kategoriar: først dei utvikla, så dei underutvikla, dinest Japan, som ingen forstår kan vera eit utvikla land; og til slutt Argentina, der det motsette av Japan gjeld: det er uråd å skjøna korfor landet er underutvikla.