Av Sjur Didrik Flåm

Produkt som vert godt marknadsført er ofte òg dei som vert mest etterspurt. Produktet til UiB er som sagt «kunnskapsrike studentar». For all del, eg unner konservative studentar rikeleg med hjelp for å bli oppfatta som produkt. Det trengst kanskje. Men like fullt: Eg synes slik hjelp bør vera sjølvfinansiert. Og oppgåva «i første rekkje å bevisstgjera studentane i høve til rolla si som høgt kvalifisert arbeidskraft», den virkar skremmande. Bør også dårleg kvalifiserte bevisstgjerast på nemnde rolle?

Skal den mest priviligerte delen av norsk ungdom – den som har fått evner og stipend for høgre studier, som kan få arbeid overalt – også få ekstra kurs for å bli bevisst sin særskilt høge kvalitet? Nei! meiner eg – av grunnar nemnd i BT 12.feb. Dessutan: Å møta arbeidslivet gjennom eige karrieresenter kan gjera studentane meir kresne, kanskje litt arrogante, og mindre initiativrike.

Noko må dei greia sjølve – godt om arbeid som det er. Eivind Kildal burde ikkje ottast framtida – og heller ikkje tillegga meg forvridde motiv.

Eg mislikar ganske enkelt at dei som er blitt mest til del, skal få enno meir – og få alt gratis. Eg føretrekk også at universitet samlar seg om hovudoppgåvene sine. No er institusjonen kraftig engasjert på alt utanom forsking. Til dømes vil sitjestillingskonsulenten vita, i brevs form, om eg sit godt; likestillingskonsulenten krev melding om kor mykje av pensumsliteraturen kvinner har forfatta; miljøkonsulenten spør om kollegial kommunikasjon kjennes rimeleg konfliktfri; alkoholkonsulenten ber om ein samtale; informasjonskonsulenten synes omverda bør få ei melding; og truleg melder ein karrierekonsulent seg snart. Sistnemnde vil rapportera direkte til dagleg leiar, Rønnaug Tveit, som finn meg tankelaus (BT 22.02) – men gler seg til å gjera (også mine) studentar «klår over den eineståande kompetansen dei har». Som sagt: Dette tiltaket skremmer meg. Skal studentar på medisin eller informatikk bli enno meir overtydde om sin kompetanse? Eller skal dei som eig nokså lite av den slags, innbillast særskilt store evner?

Tveit legitimer senteret med at initiativet stammar frå studentane og pengane frå universitetet, kommunen og høgskulen. Borgar dette for omtanke og fornuft? Indikerer «eineståande kompetanse» at studentane ønskjer gratis hjelp? Ingen argumenterer godt for senteret.

Det startar like fullt om få dagar – på veg inn i sementert og urokkeleg ufornuft.