OVE A. OLDERKJÆR Ove.oldekjaer@bt.noStord

I sjøforklaringa i Haugesund i går vedgjekk kapteinen at han duppa av åleine på brua, og at han hadde drukke alkohol. Til overmål hadde han gitt den andre vaktmannen på brua lov til å gå i salongen for å sjå fjernsyn.

Med 2100 tonn stein og grus i lasterommet kom Haugesund-skipet ut av kurs ut Bømlafjorden og gjekk rett på eit nes ved Langevåg på Søra Bømlo.

Ingen av mannskapet – to nordmenn og fire polakkar – kom til skade i grunnstøytinga. Lasta blei berga og båten trekt av grunn 15 timar etter uhellet.

Båten var på veg frå Gulen til København. Kapteinen vedgjekk i sjøforklaringa at han blanda vodka i kaffien medan han sat til rors.

Alkotesten gav raudt utslag på kapteinen. Resultatet av blodprøva vil vera avgjerande for kva straffereaksjon den 55 år gamle nordmannen vil få.