EINAR PÅ EIN ONSDAG

EINAR FØRDE

Stagnasjon og nedgang i børskursane, skandaleavsløringar i velrenommerte amerikanske og europeiske storselskap, nye meldingar om utrulege fallskjermar og grådige direktørar. Fleire og fleire spør nå om vi er vitne til ei systemkrise i den kapitalismen som dei siste åra har fått verdshegemoni.

Dei som trur at alt vil gå bra dersom marknaden får verke og statleg regulering er fråverande, har fått mykje å tenke på dei siste vekene. Enron, Worldcom og Universal-Vivendi er stikkord for ei grunnleggjande tillitskrise. Reaksjonane i aksjemarknaden tyder på at ingen trur dette er einskildståande tilfelle. Investorane og opinionen signaliserer djup mistillit til tidlegare genierklærte næringslivsleiarar. Meir enn tusen amerikanske og europeiske selskap er i ferd med å revurdere sine rapporterte resultat sidan 1997. Alle ventar på nye skandalar. Nå er næringslivsjournalistane på jakt etter det neste norske dømet på triksing med årsresultat og leiarar utan magemål.

Eg ser fem grunnleggjande idear i den nye kapitalismen som held på å kome i miskreditt av desse hendingane.

Direktørane sitt mantra

  1. «Skape verdiar for aksjonærane.» Om att og om att har vi høyrt direktørar levere sitt mantra om korleis dei har vigd sitt liv og si gjerning til dette høgverdige målet. Vi har alle observert at dette først og fremst har gått ut på å auke aksjekursane meir enn å produsere driftsresultat og betale ut bra utbyte på aksjane. Det har vore drivkrafta bak oppkjøp og samanslåingar, kostnadsreduksjonar og sparking av tilsette. Ein mykje brukt metode har vore at selskapet har kjøpt tilbake sine eigne aksjar. På denne måten har dei auka verdiane av aksjane, men det har ført til at selskapet anten har auka gjelda si eller redusert investeringane. Eg ser at somme amerikanarar meiner dette er ei medverkande årsak til nedslite og gamaldags produksjonsutstyr i USA og m.a. forklaringa på den nye proteksjonismen for stålindustrien.
  1. «Opsjonar og aksjar.» Idéen er at dersom direktørane eig aksjar i eiga bedrift, vil dei få samanfallande interesser med eigarane og såleis betre tene idé nr. 1. Vi veit nå at dette først og fremst har ført til at direktørane i eiga interesse har manipulert med årsresultat og aksjekursar. I britisk presse vart det nyleg rapportert at direktørar med opsjonar nå går til book-makarane og satsar pengar på at aksjekursen i selskapet vil gå ned. Dersom den gjer det, vinn dei veddemålet og kan såleis kompensere verditapet på opsjonane. Går kursen opp, vil utgiftene med veddemålet bli meir enn kompensert av inntektene på opsjonane. Dette er eit artig døme på ein utbreidd vestleg forretningskultur der triksing og juks med bøkene har vore meir vanleg enn vi visste. Den same forretningskulturen talar nå med svært dårleg autoritet overfor resten av verda om korrupsjon og annan styggedom.

Porno til Norge

  1. «Samanslåingar og synergieffekt.» Fusjonar og konsentrasjon av marknadsmakt har vore ei dominerande drivkraft i utviklinga heime og ute det siste tiåret. I kjølvatnet av dei nye skandalane får vi nå vite at fusjonane har skapt lite av verdi og at synergieffektane ofte uteblir. Universal-Vivendi er eitt av verdas største medieselskap. Franske interesser fusjonerte med amerikanske. Dei vart ein gigant i musikk og programinnhald og er samtidig eit større telekomselskap enn Telenor. Telenor kjøpte nyleg heim halvparten av Canal Digital frå dette selskapet. Men dei er framleis til stades m.a. gjennom Canal Plus-kanalane, som forsyner eit takksamt norsk publikum med filmar, engelske ligakampar og porno. Nå fortel avisene om korleis den avgåande direktøren strir for ein fallskjerm verd 130 millionar kroner og eit husvære på Manhattan. Aftenpostens korrespondent rapporterer frå Brussel at dette europeiske flaggskipet må splittast opp. Fleire dotterselskap er alt lagde ut for sal.
  1. «Pengemakt og aksjonærdemokrati» Eg har alltid meint at det lovpriste styringssystemet i aksjeselskapa er glorifisert. Styringsrett basert på eigedom er ikkje meir tenleg og naturleg her enn det var i vårt eige myrmannnssystem før vi fekk den alminnelege røysteretten. Denne veka rapporterer avisene om knusande kritikk frå ein senatskomité mot styremedlemene i Enron. Styremedlemene var kjende med og aksepterte manipulasjonane med rekneskapane. Nokre av dei mottok konsulenthonorar frå selskapet. Desse styremedlemene hevdar rett nok at dei ikkje fekk vite at leiinga i selskapet tok ut bonusar på 5,6 milliardar kroner. Dei gjorde det for pengar, seier eit styremedlem, som forklaring på kvifor leiinga i selskapet hadde gjort seg skuldige i bedrag og svik. Det svaret er eit monument over innsikt og godt skjøn.

Studer gamle Adam Smith

  1. «Fråvær av reguleringar.» Det er interessant å sjå at skandalane i USA fører til at dei fremste talsmenn for den frie marknaden, frå president Bush og nedover, nå skjønar at dei ulike statsmaktene må handle for å hindre den store altomfattande katastrofen. Nå er det tid for å studere gamle Adam Smith som for nokre hundreår sidan slo fast at ein av føresetnadene for fri konkurranse og marknadssystemet er ein sterk og opplyst stat som kan regulere dette systemet. Alternativet er nye monopol, etisk forfall og ingen reell konkurranse. Snakk om å få rett.

Einskilde kommentatorar meiner fråværet av moral hjå næringslivsleiarane er hovudproblemet bak det som nå skjer. Eg meiner det er diskusjon i ei blindgate. Eit system som er basert på indiviualmoralen til aktørane er dømd til å bli ein fiasko. Dei fleste av oss er lovbrytarar og skrøpelege når det gjeld å karre til oss denne verdas gode. Utfordringa er å skape eit system gjennom lover, reglar og praksis som gjer det fornuftig for aktørane å opptre anstendig eller umogleg å forfølgje sine lægste instinkt. Røynslene frå den siste tida talar for at politisk regulering og offentleg innsyn er føresetnader for å skape eit slikt system. Det er ikkje tilfeldig at næringslivsleiarane både her og der så sterkt mislikar den fjerde statsmakt.

Eg har den seinaste tida stadig oftare gitt uttrykk for mi beundring for Eva Joly, det ho står for og det ho har oppnådd. Det skal bli interessant å sjå om ho blir arbeidslaus her heime i andedammen. Ho har nemleg også dei røynslene som skal til for å hamne i den motsette grøfta. Ho kjenner dei vesentlege lovbrota. Ho kjem ikkje til å bruke tida på ei flaske brennevin til jul. Evna til å skilje mellom vesentleg og uvesentleg, mellom stort og smått er sikkert ein av føresetnadene for å komme systemkrisa til livs.