INA ROLL SPINNANGR

Ved hjelp av offentlege barnevernsmidlar har det privateigde selskapet Kuba AS i Bergen bygd seg opp til å bli ein av dei største leverandørane av barnevernstenester på Vestlandet. Det har skjedd trass i gjentatt hard kritikk mot drifta både frå fylkeskommunen og kommunane som har hatt ungdom plassert hos Kuba AS.

Med moderne internettsider og flotte fagplanar har selskapet marknadsført seg. Arbeidet har gitt utteljing: Ved årsskiftet hadde selskapet ansvaret for 14 ungdommar, til ein døgnpris mellom 2200 og 3400 kroner. Opplegget kosta fylkeskommunen 11,7 millionar kroner i fjor.

Ungdommane har alle vore utplassert og betalt for av barnevernet. Dei har budd i såkalla omsorgsbasar; hyblar knytta til ein familie som skal sjå til og vere i lag med ungdommen.

Fekk ikkje mat

I fjor haust gjennomførte fylkeskommunen ei evaluering av Kuba AS. Konklusjonane var alarmerande: «To av ungdommane som er plassert i KUBA synest ikkje å ha tilstrekkeleg oppfølging ut frå alder og oppfølgingsbehov», heiter det i evalueringsrapporten. Barnevernet meinte selskapet ikkje hadde god nok oversikt over kva dei to gjorde.

Det blir også påpeikt ei rekkje andre manglar ved drifta:

  • Ein ungdom kom til tomt hus då Kuba AS skulle ta over ansvaret for han. Hybelen var ikkje gjort klar for innflytting, blant anna hadde ikkje ungdommen mat.
  • Mangelfull kontroll med kven som oppheldt seg på hyblane. Ein ungdom som ikkje høyrde til hos Kuba AS hadde budd på ein av hyblane i to veker. Ein annan hybel hadde vorte tilhaldsstad for fleire ungdommar som ikkje høyrde til der.
  • Fleire kommunar opplevde at Kuba AS prøvde å knytte ungdommane til seg, i staden for å gjere dei sjølvstendige og i stand til å føre eit liv på eiga hand.
  • For dårleg og til tider konfliktfylt arbeid med familiane til ungdommane. For lite arbeid med nettverk.

Innførte inntaksstopp

I heile fjor var det mykje uro i selskapet, med hyppige utskiftingar blant dei tilsette og store konfliktar internt. Hordaland fylkeskommune var kjend med uroa. Allereie i januar vart det innført inntaksstopp av barne— og familiekontoret i fylkeskommunen.

— Vi var i tvil om kvaliteten på tiltaket, seier Nina Bolstad, som den gongen arbeidde med kvalitetssikring av det private barnevernet i fylkeskommunen.

Men Kuba AS la fram nye og betre planar for drifta, og tre nye ungdommar vart på vårparten plassert i selskapets varetekt.

Evalueringsrapporten førte til at fylkeskommunen på ny innførte inntaksstopp i oktober. Samtidig raste dei interne konfliktene i selskapet for fullt.

Totalhavari før jul

Rett før jul fekk fylkeskommunen melding om at fleirtalet av dei tilsette i selskapet hadde sagt opp, og at drifta difor måtte avviklast.

18. desember sa fylkeskommunen opp alle avtaler med Kuba AS, med verknad frå 18. januar.

— Vi hadde ikkje noko val, seier Nina Bolstad. Innan ei veke må det no stablast på beina eit nytt tilbod for 14 ungdommar som frå før har store personlege problem.

— Det som har hendt er beklageleg, og på ingen måte greitt. Vi må prøve å gjere det beste ut av det, seier barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland fylkeskommune.

TATT PÅ SENGA: Barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland fylkeskommune veit enno ikkje kvar han skal plassere dei 14 ungdommane som Kuba AS har hatt ansvar for. – Oppseiingane i selskapet kom overraskande på oss, seier Andersen.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN