I utfordringsdokumentet til Nasjonal Transportplan 2002–2011, står det m.a.: «Vegprising og tidsdifferensierte bompengesatser er eigna til å regulere trafikken på en effektiv måte, og synest helt nødvendig for å oppnå betre utnyttelse av vegkapasiteten og løse lokale miljøproblem.»

«Hittil har lokal oppslutning vore ein føresetnad/vilkår for innføring av vegprising, men i dei største byane bør det vurderast å innføre dette gjennom stateige pålegg dersom lokal oppslutning ikkje oppnås.»

For to år sidan vedtok Stortinget ei endring av veglova som gjev Samferdselsdepartementet høve til å innføra vegprising mot den lokale vilje.

Men samferdselsminister Torild Skogsholm er for sin del prinsipielt i mot å nytta seg av den retten.

— For meg vil det vera heilt avgjerande at det er lokal vilje til ei ordning med vegprising, seier Torild Skogsholm til Bergens Tidende.

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp har ein posisjon der han kan foreslå for departementet å innføra vegprising mot lokal vilje, men Torpp meiner at tida enno ikkje er inne.

— I veglova er det snakk om «særlige tilfelle». Eg ser det ikkje så alvorleg på Sotrabrua enno, men eg er som sagt uroa over korleis det vert ved Storavatnet etter 2006, seier Torpp.