I Bergensavisen 27. mai seier han at Høgre vil gå inn for å gjere sidemålsundervisninga valfri i den vidaregåande skulen i Bergen.

Dersom Nilsen er korrekt sitert, kan Høgre gå ein tøff valkamp i møte. For Tom-Christer Nilsen viser påfallande mangel på kunnskap og lite syn for kulturpolitikk.

Det fyrste bomskotet kjem når Nilsen trekkjer inn internasjonale lesetestar som argument mot sidemålsundervisning. Nilsen viser til Finland, som ligg på topp i lesetestar, og påstår at ein der kan konsentrere seg om eitt nasjonalspråk. Han gløymer at Finland faktisk har to offisielle skriftspråk, finsk og svensk, og obligatorisk opplæring i båe to.

Det andre bomskotet kjem når Nilsen påstår at det er samanheng mellom dårleg lesekunnskap i Noreg og obligatorisk opplæring i sidemål. Nilsen kunne ha spurt Senter for leseforsking, Høgskolen i Stavanger, som i brev til Noregs Mållag avviser slike påstandar. Kvar Nilsen har henta sine inntrykk frå, må han svare for.

Det tredje bomskotet kjem når det vert hevda at frigjering av tid frå sidemål vil gjere lesekunnskapen betre. Her må Nilsen kome med dokumentasjon.

Det er ille at ein fylkesordførarkandidat i nynorskfylket Hordaland kan kome med slike dårleg underbygde påstandar.

Det er òg ille at Tom-Christer Nilsen ikkje er i stand til å sjå verdien av sidemålsundervisning nettopp i Bergen. Bergen er hovudstaden for eit nynorskområde. Sidemålskunnskap hos bokmålsbrukarar her er noko som tryggjer rettane til nynorskbrukarar i Hordaland. Då må ein òg ha opplæring i nynorsk. Derfor hadde det vore betre å gjere som ein no er i gang med på ein del bokmålsskular i landet (til dømes i Åndalsnes og på Askøy): bruke nynorsken aktivt òg i andre timar enn norsktimane.

Det mest alvorlege er likevel den manglande sansen for kulturpolitikk som Høgre sin fylkesordførarkandidat gjer seg til talsmann for. Kva med å sjå på den norske tospråkssituasjonen som ein rikdom? Kva med å lære av nettopp Finland? Internasjonale samanlikningar talar faktisk for sidemålsundervisning. Det vanlege i verda er fleirspråklege samfunn, og moderne forsking om språktileigning, til dømes av Jim Cummins, har peikt på at ein vert betre i språk av å lære fleire språk. At nordmenn er skandinaviske meistrar i språkforståing, er neppe tilfeldig.

Eg veit at mange gode høgrefolk mislikar slike utspel som Nilsen kjem med. Det gjeld ikkje berre høgrefolk i Noregs Mållag eller dei mange høgrefolka som elles bruker nynorsk. Det gjeld òg verdikonservative bokmål— og riksmålsbrukarar med sans for danning og kultur. Mange høgrefolk ynskjer ei styrking av kunnskapsnivået, og sidemålet utgjer ein sjølvsagt del av allmennkunnskapen til nordmenn.

Tom-Christer Nilsen har snubla i startgropa til valkampen. Han har like fullt sjansen til å gjere ting betre. Skal han verte vald i haust, er ikkje det så dumt.

Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag Bergen