OLAV KOBBELTVEIT

Venstrefolk i Lillesand – ja, over heile Sørlandet – er opprørte over partileiaren sin. Det handlar om ein landbruksminister frå Venstre som opphevar buplikta for ein eigedom på Åkerøya i Lillesand. Dermed overprøver han og set til sides vedtak i Lillesand kommunestyre, fylkeslandbruksstyret og Landbruksdepartementet under dåverande statsråd Bjarne Håkon Hanssen. Har Lars Sponheim sakleg grunn får å gripa inn, eller kan det reisast spørsmål om det er ein venstremann som hjelper ein annan? Og kan det hevdast at Venstre-statsråden valsar ned lokaldemokratiet?

No har Stortingets kontroll— og konstitusjonskomité teke til å interessera seg for saka, og då kan vi kanskje få svar på dei mange spørsmåla Sponheims oppsiktsvekkjande avgjerd reiser.

Perle i Blindleia

Familien Thommessen kjøpte eigedommen i Blindleia i 1955, då den siste fastbuande på bruket flytta. Den gongen var det ingen som snakka om buplikt, og familien Thommessen har heile tida brukt eigedommen til ferie og fritid. Henrik Thommessen er ein tidlegare profilert Venstre-mann, sonen Christian var IT-rådgjevar for Sponheims Næringsdepartement i Sentrumsregjeringas tid. Den andre sonen, Olaf Thommessen, er på full fart inn i den sentrale Venstre-leiinga.

For fire år sidan ville brørne Morten og Harald Høegh og deira selskap Solvang Fritid kjøpa den fem mål store eigedommen til Thommessen på Åkerøya. Feriestaden omfattar eit eldre sørlandshus, sjøbu, strandlinje og 100 meter brygge. Agder Takst Team verdsette eigedommen til 6,75 millionar kroner. Men kommunen ville ikkje tillata at eigedommen vart seld til ferieformål. Dei ville ha fastbuande inn i huset.

I fjor prøvde Thommessen å selja eigedommen som heilårsbustad. Det kom inn 36 bod, men ingen over to millionar kroner. Thommessen ville handtera salet sjølv, og meklar var aldri inne i biletet. Det skaper visse vanskar når boda skal dokumenterast. Men vedtaket i Lillesand – om å knyta buplikt til eigedommen – vart først stadfest hos fylkeslandbruksstyret og til sist i Landbruksdepartementet. Thommessen klaga til Sivilombodsmannen, men det førte ikkje fram.

Ny runde hos Sponheim

Henrik Thommessen meinte likevel at ein ny runde i departementet kunne bli nyttig. Hans hovudankepunkt var den store skilnaden mellom boda på opp til to millionar kroner og taksten på 6,75 millionar kroner. I mellomtida hadde oppkomlingen Ola Mæle kjøpt ein annan eigedom på Åkerøya – med buplikt – for fem millionar kroner. Den gongen tilrådde Lillesand kommune konsesjon ut frå ei vurdering om at «kjøpesummen avspeiler prisnivået i området».

På dette grunnlaget gjorde Landbruksdepartementet om sitt tidlegare vedtak og sa ja til konsesjon. Henrik Thommessen får selja eigedommen sin til Solvang Fritid – utan buplikt – for 9,8 millionar kroner. I tillegg kjem lausøyre for ein dryg million. Sponheim seier avgjerda er gjort i tråd med etablert praksis, og at det ikkje skaper presedens for Lillesand kommune, som framleis kan vera restriktiv med å fråvika buplikta. Men han meiner departementet har plikt til å føreta ei individuell vurdering i slike saker.

Ukjend for Sponheim

Mange har knytt avgjerda til at det er ein venstremann som har søkt og ein venstremann som har sagt ja. Det er nokså uklårt i kva grad medlemskap i partiet Venstre har noko med saka å gjera. Statsråd Lars Sponheim avviser at han har hatt fingrane borti saka i det heile. Han er rett nok ansvarleg statsråd, men saka er avgjort på embetsmannsnivå. Henrik Thommessen seier han aldri har snakka med Sponheim om saka. Men Bergens Tidende har fått fram at seljaren har kontakta statssekretær Leif Helge Kongshaug, som er ein del av den politiske leiinga i departementet og tidlegare stortingsmann for Venstre.

Det som gjer saka ekstra delikat er at buplikta og kampen for at Sørlandet ikkje skal bli øydelagd av «rike austlendingar» har vore ei kampsak for Venstre lokalt – i og rundt Lillesand. Venstrefolk i sørlandsbyen rasar over partileiarens framferd og stør kraftig oppunder kravet om at Sponheim må sjå på saka ein gong til.

Den sørlandsdelegasjonen som nyleg hadde eit møte med Sponheim fortalde etterpå om eit møte med ein arrogant statsråd. Venstrefolk har rykt inn annonse der dei går til åtak på eigen partileiar. Politikarane langs sørlandskysten fryktar at det verkemiddelet dei har sett si lit til – buplikta – vil vera undergraven etter Sponheims handlemåte. Då er det fritt fram for austlandsadelen til å kjøpa dei finaste perlene i den sørlandske skjergarden, flytta inn når ferien tek til og sløkkja lysa når hausten set inn.

Med mindre Sponheim firer. No er også Kommunenes Sentralforbund kopla inn i saka. Sponheim har sagt ja til eit nytt møte med politikarane frå Lillesand. Men det skal vel mykje til at han snur.

UGREI SAK: Politikarane langs sørlandskysten fryktar at kampsaka deira vil verta undergraven etter at Sponheim har oppheva buplikta for ein eigedom på Åkerøya i Lillesand – og då vert det fritt fram for austlandsadelen til å kjøpa dei finaste perlene i sørlandsskjergarden.
Foto: Eirik Brekke