Det som ligg bak forslaga er ei sterk nedvurdering av kvinner sin avgjerdsrett og kvinner si vurderingsevne.

Den såkalla samarbeidsregjeringa meiner det er andre enn den gravide som skal avgjere om svangerskapet skal halde fram eller ikkje, dersom kvinna får diagnostisert avvik på fosteret ved fostervassprøve.

Ved å ta fostervassprøve, utset kvinna seg for inngrep i sin eigen kropp for å få kunnskap om svangerskapsutfallet. Kvinner som vurderar sin situasjon slik at dei kan meistre, og ta hand om eit barn med Downs syndrom eller annan sjukdom eller funksjonshemming som kan avdekkjast ved fostervassprøve, vil sjeldan utsetje seg for fostervassprøve. Valet er oftast tatt når prøven blir tatt. Derfor er det inga overrasking at det blir tatt abort på nesten alle foster der det er diagnostisert avvik etter fostervassprøve. Dette er etter intensjonane.

Høgre og KrF gjev inntrykk av at dei ikkje ynskjer det dei kallar «eit sorteringssamfunn», men dei har ikkje lova noko tiltak som gjer livet lettare for funksjonshemma vaksne og for foreldre med funksjonshemma barn. Slik skal byrdene ved å ikkje «sile ut» berast av den enkelte.

Kvinner si dømekraft blir alltid trekt i tvil når det gjeld abort. Men dømekrafta er den same, uansett kor langt eller kort i svangerskapet ho er komen.

Det må vere ein lette at avvik kan diagnostiserast så tidleg i svangerskapet som mogeleg. Ein abort tidleg i eit svangerskap utgjer minst helserisiko for kvinna, og er klart å foretrekke.

Dette blir heller ikkje berre eit kvinnespørsmål, men også eit klassespørsmål. Teknologien finst, og om den blir forboden i Norge, vil dei rikaste reise til utlandet og kjøpe seg den, dei fattige må la vera. Akkurat på same måte som med abort før vi fekk lov om sjølvbestemt abort i 1978.

MÅLFRID UTNE, KVINNEFRONTEN