Etter å ha ete frukost med statsminister Bondevik og lunsj med kong Harald, var Chavez på vitjing i Statoil. Vi kan roleg gå ut frå at det siste var den viktigaste posten på programmet i Norge.

MEN DÅ HAN PÅ HEIMVEGEN skulle lande på den sivile flyplassen i Carácas, fekk han ein telefon som fortalde at ei gruppe menn låg klar til å skyte ned flyet hans med rakettar. Han vart omdirigert til ein militær flyplass og berga livet. Heime hadde det dei siste dagane gått eit enormt demonstrasjonstog som kravde presidentens avgang og deretter eit enda større som støtta han. Dette er ein statsleiar som ikkje har det keisamt. Vi bør interessere oss for denne mannen fordi han er eit viktig symbol på dei politiske og sosiale endringsprosessane som går føre seg i Latin-Amerika. Han er dessutan ein prøvestein for den amerikanske presidenten som nå ser ut til å sjå det som si oppgåve å avgjere kven som skal styre i andre land.

I april i år fekk Hugo Chavez store overskrifter i pressa verda over. Då forkynte opposisjonen at Chavez var avsett, at han ville bli fengsla og at oljeeksporten til Cuba ville bli stansa. To dagar seinare kom han tilbake til presidentpalasset i helikopter. Det var ein retur i triumf etter massiv folkeleg støtte og oppslutnad frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga. Kuppmakarane vart nok overraska over kor vanskeleg det er å bli kvitt mannen, særleg ettersom dei sjølv meiner seg å representere den økonomiske og sosiale eliten i Venezuela. I tabloidversjonen i vestleg presse blir Chavez ofte samanlikna med Fidel Castro. Den mest iaugefallande parallellen her er at dei båe er mislikt av Washington. I praktisk politikk minner han meir om dei sosialdemokratiske statsleiarane i Brasil og Chile. Ein annan parallell er Gutierrez som nettopp har vunne første runde av presidentvalet i Equador. Chavez er for blandingsøkonomi.

HANS REFORMER I HELSE OG UTDANNING har klårt europeisk snitt. Men han er motstandar av privatisering av det nasjonale oljeselskapet Petroleos de Venezuela. Han er aktiv tilhengjar av OPEC og har ein vesentleg del av ansvaret eller æra for at vi så lenge har nytt godt av høge og stabile oljeprisar.

Chavez kom til makta etter ein dundrande valsiger i 1998. Nøkkelen til valsigeren var kanskje at den tidlegare obersten greidde å byggje ein allianse mellom soldatane og det folket dei opphavleg kjem frå. Venezuela er eit klassesamfunn. Nokon seier det endå krassare og påstår at det er eit apartheidsamfunn. Den kvite, rike minoriteten har stort sett hatt makta i landet sidan conquistadorane kom til Latin-Amerika. Nytt påfyll av europeiske immigrantar har sidan medverka til å styrkje hegemoniet og den innebygde rasismen i samfunnet. Chavez kjem frå indianske og svarte forfedre og han tok med seg landsbygdas retorikk til presidentpalasset i Carácas. Hans hovudidé var å bryte ned barrierane mellom dei væpna styrkane og samfunnet. Soldatane vart spydspissar i utviklingsprosjektet. Karakteristisk nok kalla han programmet sitt «Bolivar-planen». Simon Bolivar bygde på den same alliansen då han i det 19. hundreåret gjennomførte sitt frigjeringsprosjekt.

I BOLIVAR-PLANEN LÅG FRAMLEGG om å utnytte hærens brakker som skular for borna. Dei militære, medisinske ressursane skal delast med folket. Forsvarets ressursar skulle utnyttast til å skape større dynamikk i ein søvnig offentleg sektor. I Latin-Amerika får framleis slike framlegg lett merkelappen «revolusjonær». Det er interessant å notere at då folket kom på marsj under kuppet i april, gjekk dei ikkje til nasjonalforsamlinga eller presidentpalasset. Dei gjekk til soldatbrakkene for å markere den alliansen som vart bygd med Bolivar-planen. Opposisjonen er leia av forretningsfolk og eldre generalar. Men i nasjonalforsamlinga er dei splitta i mange parti. Dei har ikkje greidd å stable opp ein leiarfigur som kan vere alternativ til Chavez. I april sette dei inn ein fargelaus forretningsmann, Pedro Carmona, som nå på folkemunne heiter «Pedro el Breve», Pedro den korte. For oss er det interessant å notere at opposisjonen synest å vere samd om å privatisere oljeindustrien, trekkje seg ut av OPEC og auke oljeproduksjonen.

STATOIL OG HYDRO ER AKTIVE i Venezuela. Det er i seg sjølv ein grunn for oss til å følgje med på korleis det går med Hugo Chavez. Eg har lenge vore fascinert av hans evne til å overleve mot indre og ytre fiendar. Latinamerikansk politikk er framleis nokså valdeleg, så det står nok om livet. Det er uråd å oversjå likskapen med Salvador Allende og den lagnaden han fekk i Chile i 1973. I Aftenposten blir Chavez omtala som «omstridt». Presseorgan som meir ukritisk finn sine kjelder i Nord-Amerika, jamfører han med Robert Mugabe. Dei ytre fiendane har vel i si makt å nytte Henry Kissingers gamle resept: «å få økonomien til å skrike». Oppskrifta frå Chile om å bringe økonomien i ubalanse og gjere landet umogleg å styre, kan sikkert også nyttast i Venezuela. Men i mellomtida har andre latinamerikanske land greidd å gjere liberalistisk marknadsøkonomi mindre attraktiv. Mi tru er derfor at det avgjerande for framtida til denne interessante aktøren i vår samtid, er at han maktar å halde i hop alliansen mellom dei militære og folket og at han gjennom demokratiske reformer kan innfri dei vonene fattige og uprivilegerte landsmenn tvillaust har til han.

Greier han det, kan han snøgt bli ein politikar som får gjennomslagskraft langt utover Venezuela.

Einar Førde