• Viss sogndølene ikkje vil ha skulpturen av Gjest kan me vurdere å gi den plass på Sogn og Fjordane kunstmuseum, i lag med den refuserte penisen frå Rogaland.

Det er fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, som har sett seg lei på sogndølene sine raseriutbrot, og trugsmålet om å halshogge og dumpe Gjest-skulpturen i Sogndalsfjorden.— Vi har ei eiga avdeling ved museet for refusert kunst. Her har vi blant anna gitt plass til ein kjempepenis som i si tid vart for stygg for politihuset i Haugesund. Den vart flytta til Sunnfjord for skattebetalarane si rekning. Der står den enno, seier Osland.