EINAR FØRDE

Eg har dyrt og heilag lovd meg sjølv at NRKs stridar ikkje lenger er mine. Eg er interessert og infam tilskodar til desse no om dagen. Men så dukkar det opp ein kamp som også er min som samfunnsmenneske og far. Det er den gamle historia om symbolpolitikk og politikarar som blir overivrige til å styre det vesle dei har makt til å styre med eit resultat som etter alt å døme blir det motsette av det dei med sin gode vilje hadde tenkt seg.

Striden dreier seg om «Jul på Månetoppen». Det er NRKs julekalendar for born den komande jula, ein storproduksjon der raudnissar og blånissar driv med sitt. All røynsle tyder på at det kjem til å bli ein av dei beste og viktigaste norske kulturproduksjonar dette året. Borna kjem til å fryde seg over 24 episodar som i lengde utgjer om lag 8 vanlege spelefilmar. Nå er statsrådane fulle av otte over at dette kan føre til altfor stort kommersielt press mot borna. Statens Medieforvaltning har fått beskjed om å revurdere sitt tre månader gamle standpunkt om at kommersen i tilknyting til Månetoppen ligg innanfor lova. Dei blir sekunderte av medieforskar og teolog Geir Magnus Nyborg som i eigenskap av leiar i eit offentleg utval har kome til at NRK her driv utillateleg kommers og utholar heile forbodet mot fjernsynsreklame retta mot born.

Til alle som vil høyre, har eg lenge fortalt om mine to femåringar som handterer ein digital fjernsynskontroll som om dei skulle vore fødde med han. Som titusenar andre norske born har dei tilgang til Cartoon Network, Fox Kids, Nickelodeon, Disney og kanskje også den tyske Kinderkanal. Alle desse sender heile dagen, og dei er utan samanlikning mine borns viktigaste kulturforbruk. I gamle dagar spanderte dei som regel også ein halvtime på NRK for å få fred for sin gamle far. Men NRK har for lite nærver i tid og er dømt til å tape konkurransen i lengda. Det plagar meg for eg er overtydd om at inga nasjonal kulturoppgåve er viktigare enn å syte for at borna har tilgang til norskproduserte kulturtilbod. Men meir og meir ser eg at i beste fall tar Disney over. Pokemon og andre globale industriprodukt syter for eit vedvarande kommersielt press som dei færraste foreldre kan motstå. I periodar dominerer slike produkt samverskulturen i norske skolar og barnehagar.

Alle nasjonale kringkastingsselskap har for lengst innsett at dette er den viktigaste og farlegaste konkurransen dei står overfor. Det er ein konkurranse dei ikkje kan tape utan at ein vesentleg del av grunnlaget for deira eksistens blir dregen i tvil. Til og med store sterke BBC som sender på eit verdsspråk, har identifisert dette som si største utfordring. Dei har Postmann Pat, Nolan, bjørnen Paddington, Teletubbiane og mange andre kjenningar for norske born. Men dei er likevel hardt pressa. Alle desse møter du ikkje berre på fjernsynsskjermen. Dei er på T-skjorter, koppar og kar, bøker, cd-plater, videokassettar, spel og leiketøy og film. Utan heile dette tilbodet er BBC sjanselause i kampen om bornas merksemd. Utan inntektene frå heile dette tilbodsspekteret vil dei også tape kampen om framtidige gode barneproduksjonar.

I denne lange verdikjeda av barneprodukt er ikkje-kommersielt fjernsyn ofte den minst lønnsame lekken. Forfattarane, regissørane, skodespelarane og alle dei andre som har rettar til sluttproduktet, ser ofte fjernsynsproduksjonen først og fremst som marknadsføring for andre inntekter. Til nå har dei gamle kringkastingsselskapa hatt eit konkurransefortrinn i stort publikum. Men det har alt endra seg kraftig mange stader og kan snøgt gjere det her heime også. Men då er vel løysinga innlysande: NRK lagar fjernsynsserien og overlet til andre å ta seg av kommersen i alle dei andre produkta. Nå vil jo ikkje dette akkurat redusere det kommersielle presset mot barn. Det var hovudformålet med initiativet frå statsrådane. Men ei slik løysing vil også på sikt utarme fjernsynsselskapet. Astrid Lindgren gjekk til SVT og Anne-Cath. Vestly gjekk til NRK fordi dei ikkje hadde andre stader å gå. Men kvifor skulle dei gå dit i 2002? Det står ei rad internasjonale og nasjonale alternativ klare til å overta den oppgåva, Dei forstår seg på kommers og kan love både betre marknadsføring og større inntekter. Gudny Hagen har teke manuskriptet sitt til NRK fordi ho der får den beste fjernsynsproduksjonen, men også fordi Jul på Månetoppen blir lagt til rette for internett, radio og alle dei andre delane av verdikjeda. Produktet kjem til å sende ilingar av glede gjennom foreldre og born. Det blir nok bra butikk. Det er viktig at NRK styrer den butikken sjølv om dei nok må sette bort mange deler av verdikjeda til andre som kan det betre.

Eg har tidlegare på denne plassen argumentert for at vi ikkje kan oppretthalde kollektive gode og bra fellestilbod utan at våre fellesinstitusjonar får høve til å konkurrere med dei kommersielle interessene i den kommersielle marknaden. Jul på Månetoppen er eit skuleeksempel på at det må vere slik. Det nyttar ikkje å la våre nasjonale institusjonar ta kampen mot global massekultur med bakbundne hender. Å redusere det kommersielle presset mot barn er ei god og verdig sak som fortener støtte. Derfor er eg for å oppretthalde forbodet mot fjernsynsreklame for born i alle fall så lenge ikkje europeiske reguleringar forbyr oss å gjere det. Men det er unekteleg eit dilemma at alle dei internasjonale fjernsynskanalane som mine born ser på, er reklameførande.

Statsrådane har i si makt å stanse NRK i denne saka. Men det kjem ikkje til å redusere det kommersielle presset mot borna. Det vil berre kanalisere dette presset i retningar som dei internasjonale massekulturistane vil ha glede av. Frå bornas synsstad er nok saka heller ikkje så enkel. I vinter gjekk alle i barnehagen rundt med blånisseluer. Er det eit overgrep mot borna? For meg såg det ut som det motsette: Det var ei kjelde til felles glede og felles opplevingar. Det var ein samverskultur som ikkje var grunnlagt av Walt Disney, men som sprang ut av vår eigen sparsame, norske barnekultur.