Det er ikkje tilfeldig at den norske statskyrkja — i tydinga breid og open folkekyrkje - har hatt sine varmaste forsvarar i Det norske Arbeidarpartiet. Tidlegare kyrkjeminister Einar Førde, som knapt kan skuldast for å ha trakka ned dørstokken i norske kyrkjehus, brukte mykje tid og krefter på å smørja og vedlikehalda statskyrkjeordninga. Han visste at til dømes gjennom utnemninga av bispar kunne staten ha ei hand på rattet og sjå til at moderne og meir romsleg teologi fekk eit visst rom i den offisielle norske kristendommen. Slik at dei ufrelste også kunne smetta innom kyrkjedøra når dei hadde trong for det.

Førde visste kva han gjorde. Ei kyrkje i hopehav med staten kunne etter kvart opnast for kvinnelege prestar. Det var ein seig kamp, men i dag er det stort sett historie. I dag står kampen om homofile teologars rett til å vera prest i Den norske kyrkja og samstundes vera homofilt praktiserande. Det ser ut til å gå det også. Arbeidarpartiet har hatt sterk innverknad på den norske kyrkja i femti år. I dag er det ikkje lenger interessant kva Arbeidarpartiet meiner om statskyrkjeordninga.

Hastverksarbeid?

I mars la det såkalla Bakkevig-utvalet fram si tilråding, etter fire års grundig arbeid. Somme kallar tilrådinga eit hastverksarbeid. Det kan i hovudsak forklarast med at kritikarane er usamde med konklusjonane, som tek til orde for å gjera ende på fellesskapet mellom stat og kyrkje - rett nok under slagordet «Samme kirke - ny ordning». Men det er likevel snakk om å setja ein sluttstrek for den statskyrkja vi kjenner frå fleire hundreår tilbake, og som er nedfelt i Grunnlova. Det synest mange bispar og prestar er ein klok kyrkjepolitikk.

Men ikkje alle. Desse røystene let seg høyra både her og der, og dei går no så langt som til å skuva «folket» framføre seg. Det viser seg nemleg at eit fleirtal av kyrkjelydsråda rundt i landet vil halda fast ved den ordninga vi har i dag. Berre rundt ein tredel av kyrkjelydsråda ønskjer eit skilje. Her i Bjørgvin er det også eit knapt fleirtal av kyrkjelydsråda som vil halda på statskyrkjeordninga, medan eit stort mindretal ønskjer eit skilje etter Bakkevig-utvalets modell. I slutten av september kunne vi lesa i Bergens Tidende at så mange som åtte kyrkjelydsråd ikkje hadde noka oppfatning om spørsmålet i det heile.

Dei fleste gir blaffen

Det er mange som er med i Den norske kyrkja. Om lag 82 prosent av det norske folket står som skrivne medlemmer. Men korleis er det med engasjementet? I Bergen er det dei karismatiske frikyrkjene av typen «Levende Ord» som er på frammarsj, og frikyrkjene samlar fleire menneske til sundagsmøta enn det kyrkjene i Bergen kan mønstra. Berre tre prosent av medlemmene i Den norske kyrkja tek del i vala til kyrkjelydsråd. Resten gir blaffen. Difor skal vi vera nøkternt tilbakehaldne med å låna øyre til dei som skuvar folket framføre seg i denne saka. Folket - og vi kan godt seia kyrkjefolket - er berre så måteleg interessert i spørsmålet.

Men det gjer ikkje spørsmålet stat/kyrkje mindre interessant. Og det går vel an å ha prinsipielle oppfatningar omkring korleis kyrkja bør ordna seg i høve til staten?

Det er nokså allmenn semje om at ei statskyrkje neppe hadde blitt resultatet dersom vi i dag - utan historiske bindingar - skulle organisera ei norsk kyrkje. Men vi ber no med oss historia på ryggen, og argumentet har såleis mest teoretisk interesse.

Uro i Arbeidarpartiet

Samstundes er det mange som har mykje godt å seia om den norske statskyrkjeordninga opp gjennom tidene. Ho har fungert bra på mange vis, og det er ei ektefølt redsle for å kasta ei bra ordning over bord som er bakgrunnen for somme av protestane. Men vi skal heller ikkje underslå at det finst ei politisk uro i krinsar i og rundt Arbeidarpartiet. Dei fryktar ei kyrkje som kan verta noko ustyrleg - og teologisk trong - dersom ho hamnar utanfor departemental kontroll.

Det prinsipielt viktige her må vera at staten knapt kan eller skal eller bør ha noka meining om korleis teologane tolkar skrifta. Det er einast historiske grunnar til at vi har hatt ein slik praksis i Noreg. Sverige har kvitta seg med han.

Men når vi har stilt det prinsipielt viktigaste spørsmålet, så må vi ta stilling til eventuelle konsekvensar av å sleppa teologane på frigang. Det er her somme kjem i tvil, fordi dei ser føre seg ei kyrkje som vil gjera døra lågare og porten trongare - stikk i strid med den innstendige tilrådinga frå Georg Weissel.

Eg trur denne redsla er noko overdriven. Kyrkja og kristendommen i sine mange fasettar har opp gjennom historia vist ei sjeldan evne til å tilpassa seg nye straumdrag og ny kunnskap. Ofte motvillig, det er så, men i alle fall. I dag er det norske samfunnet sekularisert i ein grad vi må tilbake til dyster middelalder for å finna maken til. I denne situasjonen ligg det neppe til rette for ei kyrkje som vil gjera seg til uvens med massane.

Dei som vil vandra den smalaste vegen kan venda seg til Enevald Flåten.

Olav Kobbeltveit