EINAR FØRDE

Det fagleg-politiske samarbeidet mellom DNA og LO er ikkje det det ein gong var. Dei siste tiåra har gamle, sterke band blitt nokså lause. Det kollektive medlemsskapet er borte. Det lokale samarbeidet fungerer berre unntaksvis. Omfattande felles representasjon er det berre restar igjen av.

Mange på begge sider synest det kan vere like godt å kvitte seg med desse siste restane av det gamle hopehavet. Med ein viss logikk argumenterer dei for at båe partar vil tene på eit skilsmål. Jan Davidsen har problem med å få sine troppar i Kommuneforbundet til å marsjere i takt for eit vitalisert og fornya fagleg-politisk samarbeid. Det er paradoksalt, men eit teikn i tida at ikkje ein gong dei offentleg tilsette ser seg tente med å halde ved like den viktigaste drivkrafta bak oppbygginga av velferdsstaten og dei kollektive goda i vårt samfunn.

Dette er ingen særnorsk diskusjon. Den har pågått i arbeidarrørsla i alle vest-europeiske land i mange år. Tendensen har alle stader vore mindre hopehav. Dei sosialdemokratiske partia har auka kontaktflata til andre fagorganisasjonar enn dei tradisjonelle samarbeidspartnarane. I Danmark er det mest ingenting att av det gamle samarbeidet. I Storbritannia har frigjering frå fagforeiningane vore eit kjernepunkt i Tony Blairs fornying av Arbeidarpartiet. Thatchers velkjende og omfattande lovendringar for å avgrense makta til fagforeiningane er stort sett ikkje reversert. I Tyskland og Frankrike er det framleis både lokalt og nasjonalt igjen ein del av det gamle samarbeidet. Men diskusjonen pågår. I Sverige blir tradisjonane meir haldne i hevd. Der meiner mange at valsigeren i haust var eit resultat av nettopp det.

Dette er sjølvsagt ein diskusjon om makt. Det fagleg-politiske samarbeidet var ein svært effektiv reiskap for å auke folkemakta i striden mot nedervde privilegier og pengemakt. Sterke organisasjonar gav dei upriviligerte større slagkraft. Dei moderne politiske partia var eitt av resultata av denne tankegangen. Det var fagforeiningane som stifta Arbeidarpartiet og ikkje omvendt. Våre dagars diskusjon er sikkert ei større utfordring for LO enn den er for Arbeidarpartiet. Ein av restane frå det gamle samarbeidet er pengebidrag. Det var ein gong ein avgjerande faktor for å sette dei politiske partia i stand til å kjempe om makta. I dag er desse bidraga nokså uviktige. Med statsfinansiering og større private bidrag gjer fagforeiningspengane neppe stort til eller frå.

Vi har fått eit vest-europeisk demokrati der veljarane er på vandring. Over halvparten av dei kjenner seg lite bundne av partilojalitet og samfunnssyn. Derfor strevar dei politiske kommentatorane med å finne eit mønster for valresultata. Tidlegare i år florerte det teoriar om at sosialdemokratiet var i rivande tilbakegang overalt. Så kom det forstyrrande resultat frå dei nye demokratia i Aust-Europa og frå Tyskland og Sverige. Nå er kortsiktige politiske konjunkturar, einskildhendingar heime og ute og personfaktorar dominerande i analysane. Arbeidarpartiets landsmøte kan sikkert finne grunnlag for at konjunkturane her heime også kjem til å snu. Kanskje vil frigjering frå LO kunne vere eit bidrag til å fremje slike konjunkturar. Men for fagrørsla er problemet meir komplisert.

Dette er nemleg også ein diskusjon om kva rom kollektiv handling og organisasjon skal ha i vårt samfunn. Fagforeiningane byggjer sin eksistens og styrke på kollektivet. Dei politiske partia er ofte mykje lausare organisasjonar. Mange av dei ser ut til å greie seg bra utan mykje medlemer og stor organisasjonsaktivitet. Dei er effektive valmaskiner som mobiliserer når det trengst og som kan mobilisere nye tilhengjarar på nye saker. Fagrørsla kan aldri satse på velsigninga med eremitt-tilveret. For dei er medlemstala, medlemsaktiviteten og kjøttvekta grunnlaget for makt. Kollektivavtalane har motvind. Den individuelle og differensierte lønsfastsettinga er på frammarsj.

Mange sosialdemokratiske leiarar har omfamna denne individualiseringsbølgja. Dei har brukt den som argument for å endre den offentlege sektoren og dei offentlege tilboda. Det moderne mennesket søkjer individuelle og differensierte løysingar, heiter det. Dermed blir det mindre rom for dei gamle, uniformerte offentlege fellesgodene. Kollektiv er eit mindre pent ord som gir assosiasjonar til Sovjetunionen og ufridom.

Men i denne individualismens tidsalder opplever vi samstundes ei kollektivisering av den private sektoren. Daglegvarer er Rema og Rimi. Ein av vår tids største kommersielle suksessar heiter Ikea og nøkkelen til den suksessen er billeg standardisering. Feriane våre er pakketurar. Kleda våre er standardiserte industriprodukt. Nokon får framleis sydd skjortene sine i Paris. Men dei er anten svært rike eller komiske. Den personlege, individuelle tenesteytinga blir smalare og smalare og dyrare og dyrare. I storbyane våre er det små sjapper drivne av innvandrarar som representerer mottendensane. Men når desse sjappene blir større, har dei ein tendens til å bli meir standardiserte og meir Rimi. Dersom lengten etter individualitet og valfridom er så utprega som nokon seier, er desse tendensane underlege.

Individualiseringa av dei offentlege tilboda har noko naturstridig over seg. Kollektive gode er pr. definisjon gode som kjem til alle eller mange. Dei er billege eller gratis fordi dei er for alle. I Sogn er det framleis mange som kjenner den gamle historia om Langen. Han hadde vore på anleggsarbeid og skulle ha seg ein fest. Pengar vanta det ikkje på. Derfor leigde Langen seg ein buss frå Sogn Billag. Då han skulle gi seg i veg, kom det ei gamal kone og bad om skyss ettersom ho skulle same vegen. Det passa Langen dårleg, men småleg var han ikkje, så han gav kona ein pengesetel og bad ho om å leige seg ein buss sjølv. Dette var busstrafikk, men ikkje kollektivtrafikk.

I denne diskusjonen er eg tradisjonalist. Ambisjonane om å gi større rom for individuell behandling i det offentlege helsetilbodet er ofte eit påskott til å svekke eller privatisere dette tilbodet. For meg står den interessante striden om å halde oppe eit godt offentleg helsetilbod som er for alle og som derfor sikrar best individuell behandling for dei fleste. Dei rike vil alltid kunne kjøpe seg andre tilbod. Men det offentlege tilbodet bør vere så godt at dei i så fall kjøper dyrare og dårlegare. Eg vil ha ein offentleg skule som er god og gratis. Betring av kollektivtilbodet i trafikken er ei av våre store utfordringar dersom vi ikkje skal få eit livsmiljø som reduserer vår individuelle fridom drastisk.

Eg likar ordet kollektiv. Eg vonar at dei som skal føre diskusjonen om det fagleg-politiske samarbeidet forstår at her er det svært verdfulle born som kan bli kasta ut med badevatnet. Spør dei meg, vil eg seie at dei for meg gjerne kan endre alle formene for dette samarbeidet. Men eg har ikkje sett noko i samfunnsutviklinga som gjer det fornuftig å kvitte seg med ein av berebjelkane i det skandinaviske velferdssamfunnet.