I tru på auka turisttrafikk til Rosendal og nye passasjergrupper frå Odda gjennom Folgefonntunnelen, har politikarar og næringsliv i Rosendal lansert ei ny snøggbåtrute Rosendal-Flesland-Bergen i staden for dagens rute Herøysundet-Os.

— Pris- og miljømessig er det mest fornuftig å reisa kortaste sjøvegen til Os. Med den planlagde vegopprustinga frå Os vil det ta 20 minutt med buss til Flesland og 30 minutt til Bergen, seier Ståle Stoknes i pressgruppa Rutelaget. Han fryktar at det kan kosta 120 kroner meir frå Kvinnherad til Bergen med ei direkterute.

Rutelaget blei etablert i haust etter at planane om ruteomlegginga blei kjent, og har fått over 300 medlemmer. Laget kjempar for den eksisterande Kvinnheradruta, og har lansert eit ruteframlegg som har Rosendal som endepunkt både morgon og kveld.

På høyring

Det er opp til fylkespolitikarane å avgjera om HSD skal leggja om Kvinnheradruta 1.mai. Ulike ruteframlegg skal først ut på høyring blant brukarane. I dag presenterer HSD sitt framlegg for fylket.

Kvinnheradruta over Herøyundet fraktar årleg 15.000 passasjerar. Tilhengjarane av direkteruta frå Rosendal meiner 30.000 reisande er mulig.

— For tre år sidan følgte heile 11.000 passasjerar den sommarlege direkteruta Bergen-Rosendal-Hardanger berre på to månader, seier direktør Arne Havnerås ved Rosendal Fjordhotel.

— Folgefonntunnelen har gitt oss ein større region. Vi veit at det er eit stort behov for ei direkterute frå Rosendal slik at folk kjem seg vidare frå Flesland eller direkte til Bergen sentrum, seier Havnerås.

— For turistar er det vanskeleg å finna fram til busstasjonen i Bergen. Det blir tungvint å reisa over Os, operatørane vil heller ikkje ta ruta inn i katalogane sine. I fjor kom 6000 av hotellets gjester sjøvegen, ei direkterute vil fanga opp mange innan kurs-, konferanse-, pensjonist- og blåturmarknaden, meiner Arne Havnerås.

- Folket imot

— Vi må få fylkespolitikarane til å forstå at kvinnheringar flest ikkje ønskjer ei omlegging. Ei direkterute vil dessutan føra til at snøggbåtrutetilbod fleire andre stader i Sunnhordland må kuttast. I tillegg er Fusa og Tysnes kommunar overkøyrde i denne prosessen, seier Ståle Stoknes i Rutelaget.

Ståle Stoknes arbeider «i oljå», og er avhengig av god kommunikasjon til og frå Flesland. Han fortel at mange kollegar frå andre stader i landet, til dømes Trøndelag, er heime mykje tidlegare han etter ei nordsjøøkt, fordi kommunikasjonane mellom Bergen og Kvinnherad er blitt forverra gjennom åra.

— For 30 år sidan kunne ein reisa frå Sunde til Bergen på halvannan time med hydrofoil. I dag går det to og ein halv time, fordi ein må byta båt og venta undervegs, seier Stoknes, og minner om at Herøysundet ligg i den folketalrikaste delen av Kvinnherad.

Med mellomstopp i Ølve, på Tysnes og i Fusa, tek Kvinnheradruta ein time og femtifem minutt frå Herøysundet via Os til Bergen. Ei båtrute Rosendal-Bergen vil ta vel to timar.

IMOT RUTEBRIGDE: Ståle Stoknes og pressgruppa Rutelaget slåst iherdig for å hindra at fylkespolitikarane let HSD kutta ut Herøysundet til fordel for Rosendal i Kvinnheradruta frå 1.mai.
FOTO: OVE OLDERKJÆR