Ambulansar vert nekta å kome fram, det finst døme på tanks som har køyrd over ambulansar parkert i gata. Eit overslag seier minst 100 angrep på medisinsk personell i teneste.

Nesten alle palestinske byar på Vestbredden er no okkupert på nytt av Israel.

Historia er alltid den same: Tanks går inn i byane støtta av kamphelikopter. Vatn og el.-forsyning vert kutta, portforbod innført. Israelske soldatar nyttar sivile palestinarar som levande skjold når dei går frå hus til hus på jakt etter aktivistar. I enkelte tilfelle vert husa okkupert av hæren, familien som bur der tvinga til å opphalde seg på eitt rom. Når soldatane går igjen, har dei ofte stole med seg verdisaker eller/og øydelagt inventar utan anna formål enn det å øydeleggje. Så får ein berre undre seg på om den israelske krigsmaskina sjølv trur at dei kjempar mot terrorisme på denne måten. Eller om formålet kanskje er eit anna.

ARNE APOLD, PALESTINAKOMMITEEN I BERGEN