Osama Bin Laden sitt nettverk og treningsstader i Afghanistan er truleg borte. Fleire tusen menneske er drepne. Eit stor tal menneske i Afghanistan er mest utsvelta — kor alvorleg det er vil berre framtida vise. Svært få er lei seg for at Taliban er borte. Dei fleste vil vel óg vera glade for at ei samlingsregjering kan hende kan starte den lange gjenoppbygginga av landet. Men grunnlaget for terror i verda er vel heller styrka enn svekka. Raseriet mot undertrykkjarar og fortvilinga hjå dei undertrykte i verda er truleg ikkje blitt mindre av USA sine handlingar som sjølvoppnemnt verdspoliti. Supermakta reknar som terrorisme berre det som sine erklærte motstandarar gjer og er blinde for eigne handlingar og kva alliansepartnarane gjer. Dei svelter ut born i Irak.

Dei stør diktatorar i Latin-Amerika og utdannar torturistar på sitt eige terroristakademi ved Forth Benning i Georgia. Dei godkjenner militære angrep og okkupasjon frå Israel. Dei ser ein annan veg når Russland gjer overgrep i Tsjetsjenia og kallar det for »ikkje krig, men kamp mot terror». USA sin måte å »løyse» terroristproblemet på, er sjølvgodt og hyklersk. Dei har heilt andre mål med krigen - dei vil disiplinere verda i si rolle som einaste supermakt og dei vil ha kontroll over olje- og gassressursane i regionen. Dei treng servile tenarar. Dei har fått det frå norsk side gjennom pinlege pilegrimsreiser både frå Jan Pettersen og Kjell Magne Bondevik.

Terrorisme må bekjempast - og terroristar må rettsforfølgast og dømast - men på sivilisert vis i internasjonale domstolar. Terrorisme er eit blindspor, men utgangspunktet for terrorisme kan vera høgst reelt: undertrykking, naud og elende. Det er dette som må bekjempast. USA må stoppe sine krigar mot undertrykte folk og stoppe støtta si til okkupasjon og undertrykking som Israel driver mot det palestinske folk.

SIGURD SOLBERG, RAUD VALALLIANSE.