Ut frå dette ligg ikkje legar med pasientar, sakførarar og psykologar med klientar, prestar og emissærar med sjelesorgstrengande, lærarar med elevar, idrettsleiarar med utøvarar som dei har ansvar for, eller politiske toppfigurar med politiske noviser i partiorganisasjonen. Dette gjeld også om lovgjevinga om alder og gjensidig samtykke ikke er broten. Søviknes har i denne saka vist at han mellom anna ikkje forstår skilnaden på jus og profesjonell åtferd. Det kan ein topp-politikar i Noreg ikkje tillata seg. Difor lyt Søviknes halda seg ute av rikspolitikken — iallfall til alle kan sjå at han verkeleg har lært. Men Framskrittspartiet bør i eiga interesse snarast skaffa seg ein partikultur som hindrar andre å koma i same situasjonen som Søviknes.

Kåre Hegland