Skal du ha norske eple lenger ut på vinteren., må du kjøpa dei i januar og ty til plastposetrikset. For å unngå at frukta visnar, må ho oppbevarast under plast med små luftehol, så kjøleg som mogeleg utan å koma ned på frysepunktet, null grader.

Frukt liker ikkje kuldegrader.

— Fruktlagra pakkar i desse dagar dei siste juleepla. Raud aroma er hovudsorten, men dei har også raud gravenstein og Karen Scheider. Eit lite parti Elstar går eksklusivt til Bergen, fortel fruktlagerinspektør Jan Belt til Bergens Tidende.

— Er juleeplet på veg inn att, etter at først appelsiner, og seinare klementinar, lenge har dominert fruktfata ved juletider?

— Det er eg spent på. Akkurat i år har vi rikeleg med norsk frukt heilt til jul, og langt ut i januar, men slik er det ikkje kvart år, seier Belt.

Fruktavlingane vart uvanleg store i år, både hjå profesjonelle dyrkarar og i tusenvis av vanlege hagar. Folk åt gjerne opp sine eigne eple før dei gjekk i butikken. Difor vart salet litt tregt ei stund, men tok seg god opp att.

Normalavling tilseier 8000 tonn eple på landsbasis. Siste prognosen i haust (1. november) lydde på 11.600 tonn eple, i tillegg til 800 tonn pærer. Før vi skreiv 1. desember var normalavlinga på 8000 tonn selt, fordelt med vel 7000 tonn til konsum og 930 tonn til saftpressing.

Også dei første dagane i desember hadde godt sal, men ingen har sikre tal. Dei fleste som Bergens Tidende har snakka med, vurderar slumpen som er att, til rundt 200 tonn salsvare, og ein del til saftpressa for knapt fjerdeparten av prisen.

Til saftpressa går både småeple (under 60 millimeter) og dei som vaks seg altfor store i sommarsola.

Olav Nesheim på Folgefonn fruktlager er blant dei som synest det er for gale å pressa store, flotte eple. Familieeple, kallar han dei.

– I våre dagar må det vera fint å samla familien og dela eit stort eple, seier han til Bergens Tidende.

Andre brukar store eple til dessert. Holar ut kjernehuset, fyller det med rosiner og litt kanel, før det blir steikt i omn og servert med varm vaniljesaus.

FREISTANDE: Raud gravenstein er mellom eplesorta fruktlagra pakkar i desse dagar.