Vi kan godt avlysa julefeiringa her hos oss òg. Ikkje familiehøgtida med lys og varme i ein mørk vintermånad, men denne markeringa av Jesu fødsel vert litt meiningslaust når ingen høyrer kva han seier lenger.

Når dei som kallar seg personleg kristne er meir opptekne av å forsvara gjerningane til Sharon enn å lytta til kva Det nye testamente har å seia. Leiinga i Israel følgjer den gammaltestamentlege strategien «øye for øye, tann for tann» blanda saman med god jesuittarmoral, «hensikten helliger middelet».

Hendingane så langt har ikkje vist oss at Sharon har til hensikt å skapa fred. Han har til hensikt å nå zionistane sitt mål å gjera Israel sterkt og stort og ætta talrik som stjernene på himmelen og sanden på havsens botn.

Det er fleire jødar som vil ha plass i det «lova landet».

For å nå dette målet brukar han alle middel, bryt internasjonale avtalar og bryr seg ikkje om vedtak i FN. Den som har makta, har retten. Det er den gamle cowboyjustisen som vi i vår del av verda i årevis har prøvt å bekjempa. No er USA og Israel i ferd med å innføra denne primitive justisen på nytt.

Så sit vi med Det nye testamente og skal feira jul, men har gløymt innhaldet.

Overset bodskapen frå han som sa at det ikkje fanst jøde eller grekar, træl eller fri mann, mann eller kvinne, men at alle var eitt i Jesus Kristus. Han som sa at når du vert slått på det eine kinnet skal du snu det andre til. Han som hadde hjarta for dei som leid, og forkynte nesten 2000 år før Nordahl Grieg at skapar vi menneskeverd så skapar vi fred.

Hadde Jesus levd i Palestina i dag, så ville han fort vorte skoten ned av sine eigne saman med steinkastande palestinske barn. Kanskje Jesus var i den FN-medarbeidaren som måtte bøta med livet fordi han stod på dei svake si side.

Vonar vi får ei jul med ettertanke.

Johannes Rydland