John Lindebotten

Framstegspartiet er med i eit fleirtal saman med Ap, SV og Sp om at det må finnast ei løysing på finansieringa, slik at arbeidet med tunnelen kan ta til så snart som råd.

Jondalstunnelen er ein ca. 8 kilometer lang tunnel mellom Mauranger i Kvinnherad og Jondal. Prisoverslaget så langt varierer mellom 350 millioner og 600 millionar, alt etter kor mykje som vert rekna inn på kvar side. Men Ap, SV og Sp fekk ikkje fylgje av Frp i merknaden om statleg medverknad til fylkesvegprosjektet fram til og med budsjettet for 2005. Dei tre partia er difor i mindretal om fylgjande forslag:

«Stortinget ber om at det vert lagt opp til ei statleg finansieringsordning for store fylkesvegprosjekt til og med budsjettet for 2005».

Lei seg

Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Ap, stadfester overfor Bergens Tidende at denne forslaget gjeld ei statleg løyving til Jondalstunnelen utanom ramma til riksveganlegg i Hordaland. Summen som har vore nemnt er 50 millionar kroner.

— Eg er lei meg på vegner av Jondal kommune for at vi ikkje fekk med Framstegspartiet på denne merknaden. Partiet er diverre bunde opp av budsjettavtalen med regjeringa. Slik eg ser det, har vi berre to år att på ordna denne saka på, og eg kjenner meg ikkje trygg på at vi når fram. Gjer vi ikkje det, må det hentast pengar frå den ordinære riksvegramma for Hordaland. Og eg har snakka nok med folk frå Hordaland til å vita kva det vil føra til, seier Starrfelt til BT. Arne Sortevik frå Frp i Hordaland har lenge arbeidd for å få stortingsgruppa med på den ekstra statlege løyvinga til Jondalstunnelen. Arbeider for tunnelen

— Vi er bundne opp av budsjettavtalen med regjeringspartia. Det gjeld ikkje berre for 2003, men også for føringar inn i dei komande budsjettåra. Men eg vil framleis arbeida for at Frp skal gå inn for ekstra statleg løyving til Jondalstunnelen, lovar Arne Sortevik.

Ordføraren i Jondal, John Skogseth, vel å vera optimist.

— Det heng litt på Framstegspartiet og det konkrete tilsegna om statlege pengar, men eg er glad for at fleirtalet i samferdslekomitéen så sterkt strekar under at Jondalstunnelen er viktig og må koma, seier John Skogseth.