Frimurarane er pålagt teieplikt om tilhøve innan denne anakronistiske organisasjonen, som elles helst rekrutterer medlemmene sine frå øvre sosiale sjikt. Folkeleg kan i alle fall ingen hevde at losjen er. Som kringkastingssjef vert han øverste leiar for ein institusjon som skal stå for dei motsette verdiane. Bernander er sikkert ein dugande mann og gjerne eit godt menneske også — det siste veit eg ingenting om. Men eitt er sikkert: Han kan ikkje vere både frimurar og kringkastingssjef!

KJELL UNDERLID