Ytringsfridommen er på frammarsj i Noreg. Under eit visst påtrykk frå gjeldande rettspraksis ute i Europa kan det sjå ut som om norsk Høgsterett innrettar seg etter tidsånda. Ytringsfrihetskommisjonens tilrådingar dreg i same lei. Men det har sin pris.

Norske jødar var glade då Riksadvokaten tok eit initiativ som enda med tiltale mot nynazisten Terje Sjølie, etter at den tidlegare Boot Boys-leiaren hadde kome med særs krenkande utsegner mot innvandrarar generelt og jødane som gruppe spesielt. Sjølie vart først frifunnen for å ha brote rasismeparagrafen i Halden byrett. Deretter vart han funnen delvis straffskuldig i Borgarting lagmannsrett, som meinte det han sa om innvandrarar generelt laut få passera. Det han sa om jødane fann lagmannsretten lovstridig. No er norske jødar, representerte ved dei mosaiske trussamfunna i Trondheim og Oslo, sjokkerte over at Høgsterett frikjende nynazisten Terje Sjølie.

Kva er då rasisme?

Kva var det Sjølie gjorde? Jau, retten har lagt til grunn at han den 19. august 2000 — på torget i Askim - sa følgjande: «Hver dag raner, voldtar og dreper innvandrere nordmenn, hver dag blir vårt folk og land plyndret og ødelagt av jødene som suger vårt land tomt for rikdom og erstatter det med umoral og unorske tanker.»

Det er ikkje noko dristig tips at mange nordmenn vil koma kraftig i stuss over kva som er rasisme dersom dette ikkje er det. Er grensene borte? Endå viktigare - er Høgsterett i ferd med å slå inn på ein kurs som gjer at lovgjevarane - Stortinget - vil stramma inn? Kristeleg Folkepartis medlem av justiskomiteen, Einar Holstad, vil innskjerpa paragraf 135a i straffelova, den såkalla rasismeparagrafen. Mange meiner det er naturleg å sjå nærare på rasismeparagrafen når Stortinget til hausten skal drøfta Ytringsfrihetskommisjonens framlegg til ny grunnlovsparagraf. Nadeem Butt ved Antirasistisk senter trur Sjølie-dommen er i strid med den allminnelege rettsoppfatninga i Noreg. Han etterlyser eit norsk lovverk som gir minoritetar det rettsvern dei etter internasjonale konvensjonar har krav på.

Ekstra interessant blir frifinninga av Terje Sjølie når vi brukar dommen mot høgreekstremisten Jack Erik Kjuus som bakteppe. Kjuus kom med det mange oppfatta som avskyelege utsegner om at adopterte born - henta utanfor Norden - må lata seg sterilisera dersom dei skal få lov å bu i Noreg. Han var leiar for ei politisk gruppering kalla Hvit Valgallianse, og det han sa vart kategorisert som ei politisk ytring. Likevel kom Høgsterett til at ytringa var eit brot på rasismeparagrafen. Men røystetala var 12-5, og mindretalet meinte Kjuus' utsegner - om aldri så avskyelege - var verna av paragraf 100 i Grunnlova.

Overprøver Høgsterett

Også i Sjølie-dommen delte Høgsterett seg. Fleirtalet på elleve meinte ytringsfridommen må stå over straffelova, og difor frikjende dei Sjølie. Mindretalet meinte Sjølies utsegner var lovstridige i ein grad som gjorde at han burde dømmast.

Det er her Europa og Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg kjem inn. I tidsrommet mellom Kjuus-dommen og Sjølie-dommen har norske høgsterettsdommar blitt overprøvde i Strasbourg, og nokså eintydig i retning av større vekt på ytringsfridommen. Bergens Tidende si sak mot dokter Røv var ei sak som utvida rommet for kritiske ytringar. Problemet, i ei tid med så sterk endring i rettstilstanden, er at folk flest blir forvirra. Riksadvokat Tor-Aksel Busch fryktar at avstanden mellom det folk trur er rasisme - og det som faktisk er det - vil auka. Minoritetar fryktar trakassering med lova i hand og jødane får uhyggjelege minningar tilbake til 30- og 40-åra.

Andreas Skartveit - ei fri ånd i det politiske ordskiftet - er kritisk til å heilaggjera ytringsfridommen. Han meiner (Aftenposten 26. januar 2003) ein kommisjon for ytringsfridom og eit fleirtal i Høgsterett utan eigne røynsler er ute av stand til å setja seg inn i kva dei forfølgde føler. Det er skilnad på å bli hundsa og hetsa og å delta i det Skartveit kallar «festlege akademiske fektekampar». Han slår også eit slag for medieoffera, dei som «har vore gjennom kjøttkverna og kjem skamfarne og ærelause ut». Korleis, spør Skartveit, kunne det ha seg at ingen tenkte på å gje rom for eit medieoffer i ytringsfridomskommisjonen, eitt offer mellom alle dei suksessfylte akademikarane med adresse Oslo 2 og 3?

Møtast i ope lende

Francis Sejersted er ytringsfridommens djerve riddar. Han er på parti med tidsånda ute i Europa, og gjennom Ytringsfrihetskommisjonens konklusjonar har han vore med på å leggja føringar for kor fritt og romsleg vi skal kunna ytra oss her i landet. Han har tru på det frie ordskiftet i eit liberalt samfunn. Der skal rasisme og intoleranse møtast i ope lende - utan rop på politi og straff: «Kan vi ikke stole på at folk flest i vårt samfunn er i stand til fritt å velge et anstendig standpunkt? Jeg vil våge den påstand at et fritt valgt (anstendig) standpunkt er sterkere og mer forpliktende enn et standpunkt man er blitt påført utenfra av velmenende tilhengere av ytringsforbudet.» (Aftenposten 29. januar 2003).

Til hausten skal Stortinget drøfta fleire framlegg til endring av paragraf 100 i Grunnlova. Ikkje alle er like begeistra for å gje ytringsfridommen så romslege rammer som Francis Sejersted vil. Andre vil innskjerpa paragraf 135a i straffelova, den såkalla rasismeparagrafen. Dei likar ikkje det dei ser utfalda seg under Høgsteretts nye regime.

Men dei som vil stramma inn får eit problem. Korvalds alvorlege tese om at «Norge er et land i verden» slår inn for fullt, for Noreg som lojalt medlem av verdssamfunnet må underordna seg Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Der er det dei liberale vindane som bles sterkast nett no.

FANEBERAR: Professor Francis Sejersted, leiar i Ytringsfrihetskommisjonen, er faneberar for ein utvida ytringsfridom, der rasisme skal møtast i ope lende og ikkje i rettssalen.