TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no

Dette er den første jerven som er skoten i Sogn og Fjordane på 16 år. I 1985 vart det felt eit eksemplar av rovdyret i Gloppen.

Jegeren som skaut dyret, hadde vore på jakt i fjellområda mellom Lærdal og Hemsedal sidan sist torsdag, melder NRK Sogn og Fjordane. Mannen hadde lagt ut åte, og i går ettermiddag kom altså ein jerv for å ete av maten som var lagt ut. Det vart jervens siste måltid.

Dei siste åra har jerv påført store skader på saueflokkar i Indre Sogn. Så seint som sist hauste miste enkelte bønder opptil 50 lam på beite, og jerven får skulda for å ha teke livet av brorparten.

Jaktperioden i Indre Sogn går ut i morgon, og det kan skytast ein jerv til. Dei siste dagane er det obser-vert to–tre andre jervar i området.