Dette ser ein av karakterstatistikkane for standpunkt og eksamen frå i år. Til og med i 3MX er jentene best. Rektor Gunda Falao Sparre spekulerer på kvifor dette kan vere slik og seier det nok har med jobbing og innstilling å gjere. Er det ikkje typisk?

No har vi i alle år høyrt at jenter ikkje har dei same evnene for t.d. matematikk som gutar. Og i media høyrer og les ein ofte om dei nye oppdagingane av dei mange medfødde og biologiske skilnadene på menn og kvinner. I tidlegare tider vart det sagt at det var å øydelegge kvinna å la jenter gå på skule. Vidare har ein så godt ein kunne prøvd å halde i hevd dei ymse mannsbastionane. Men dei har falle ein etter ein. Likevel opplever vi no altså at sjølv kvinner som er høgt oppe i systemet prøver å bortforklare det faktum at jenter har større talent enn ein ynskte å tru i gamle dagar.

Det er ikkje særleg smart å jobbe lite om ein ikkje får så god karakter. Det er ikkje smart å tru at ein veit og kan dersom ein ikkje gjer det. Det er derimot slett ikkje dumt å vere pliktoppfyllande og ærekjær. Dersom det er sant at jenter jobbar betre enn gutar, tyder det rett og slett på at jentene er smartare enn gutane! I tillegg ser vi at resultata åt jentene er betre enn gutane sine. Difor må nokon snart ta steget og fortelje oss sanninga. Kvinner har betre anlegg enn menn, til dømes i matematikk. Dette burde vere eit godt argument i kampen for å få mannen ut av arbeidslivet og inn i heimen. Kanskje kan det vise seg at vi menn har meir talent for å gjere husarbeid til dømes? Vi veit no at for pliktoppfyllande kvinner lett kan slite seg ut på husarbeid. Og det er ikkje smart.

PS. Dette er ikkje meint som eit angrep på rektor G.F. Sparre!!

Av Torbjørn Ole Widnes Johansen,lektor og mann (det svake kjønn)