— Vi er usikre på årsakene til denne kjønnsskilnaden. Dette er noko vi går inn og granskar nærare i tiltaksprogrammet vårt, seier rektor Claus Jünger ved Leirvik skule til Bergens Tidende.

Måndag kveld blei resultatet av ei større mobbeundersøking presentert for foreldra til elevar ved Leirvik skule. Prosjektleiar Reidar Thyholdt i Olweus-gruppa ved Universitetet i Bergen kunne mellom anna fortelja at kvar niande jente på skulen følte seg mobba to til tre gonger i månaden. Kvar attande gut meldte frå om slik mobbing.

Kjønnsskilnaden ved Leirvik skule skil seg klart ut i den landsomfattande undersøkinga på 50 skular, der i alt 14,7 prosent av jentene og 15,6 prosent av gutane sa seg mobbeutsette. 236 av Leirvik skule sine 246 elevar i 3.-7.klasse var med i undersøkinga i oktober.

— Sjølv om jentene våre føler seg mobba oftare enn gutane, ligg prosenten mobba jenter ved Leirvik skule under landsgjennomsnittet. Skulen kjem godt ut av undersøkinga, men mobbing førekjem også hos oss. Det gjer vi noko med, målet er å få prosenten ned mot null, seier rektor Claus Jünger.

— Den verbale mobbinga skjer både blant gutane og jentene. Utestenging er meir vanleg blant jentene enn hos gutane. Ifølgje undersøkinga skjer mobbinga mest på skulevegen og på skuleplassen, seier rektor Jünger.

I haust starta Leirvik skule eit 18 månader langt tiltaksprogram mot mobbing lagt opp etter professor Dan Ulweus sine retningsliner.

— Vi har blant anna klassemøte om mobbing og møte i lærarkollegiet kvar fjortande dag. Vi skal no saman med elevar og foreldre ta endå betre fatt i problemet. Så håpar vi at resultatet er endå betre når neste undersøking blir gjort hausten 2003. Heldigvis er elevane våre flinke til å gje melding heime eller på skulen når dei oppdagar mobbing, seier rektor Claus Jünger.