OVE A. OLDERKJÆR (tekst og foto) Stord

— Tenk å vakna klokka seks om morgonen og ta båten frå Stord ut til Føyno. Slikt finn du ikkje i Nederland, seier nederlandske Silvia van Os, som er koordinator for underleverandørar. Den nederlandske brubyggjaren i Trekantsambandet, Hollandsche Staalbouw Maatschap (HSM), har unge kvinnelege ingeniørar i sentrale posisjonar ved anleggskontoret på Føyno, det nye knutepunktet mellom Bømlo og Stord og Sveio.

- Men vinteren var lang Dei 19 vegbaneelementa i stål er no komne på plass under berekablane. Sivilingeniørane Silvia van Os og Tessa Leander har sin del av æra for at brukonstruksjonen til 430 millionar kroner ikkje berre ligg stabilt 18 meter over Digernessundet, men også à jour med framdriftsskjemaet før opninga 15. desember. - Det er interessant å få arbeida med folk frå andre land. Det er fint å sjå denne blandinga av ulike folk og miljø, seier van Os. - Men vinteren var lang. Mørkt, regnfullt og mykje vind, hutrar Tessa Leander under hjelmen. Ho er prosjektingeniør og logistikkansvarleg. HSM har spesialisert seg på stålkonstruksjonar som bruer, plattformer og slusedører. Selskapet har hovudentreprisen på hengebruene Stordabrua og Bømlabrua i Trekantsambandet saman med NCC i arbeidsfellesskapen Triangle Contractors. HSM har vel ti representantar på Stord. HSM hadde ein tilsvarande kontrakt med Statens vegvesen Hordaland på Osterøybrua.

Kluivert på veggen Dei to nederlandske ingeniørane Leander og van Os har ein kvinneleg ingeniørstudent frå heimlandet i praksis på Trekantsambandet. Like innafor inngangsdøra på HSM sitt anleggskontor i brakkeriggen på Føyno, er det hengt opp ein plakat med bilde av Nederlands fotballandslag. Dagen etter den verdskringkasta oppvisninga i Rotterdam, får vi fort vita at 6-1 blir uttalt "ses ein" på hollandsk. Kontoret blir leia av sekretær Laura Førland Johnsen frå Stord. Sveisarutdanna Anne Berntsen frå Fitjar er engasjert til å laga ferdigdokumentasjon for Stordabrua. Det er snart berre fem månader til innpå 3000 bilar kvart døger skal susa over Stordabrua sitt 677 meter lange spenn. Bømlabrua med eit spenn på 577 meter, blir opna til påske neste år. Trekantsambandet utgjer Stordabrua, Bømlabrua, Spissøybrua, Bømlafjordtunnelen og tilførslevegar, totalt 21,5 km ny veg til ein samla pris av 1814 millionar kroner.