STEINAR HYSTAD

(tekst og foto)

— Veit eg at timen for fødsel nærmar seg sterk ved mi eiga sengetid, har er svært vondt for å sova. Får ikkje roa meg før eg har teke ein ny tur bortom fjøset for å sjå om alt er vel med mor og barn. Som oftast er alt bra, men det har hendt at eg har måtta gi litt hjelp. Dyra er fantastisk flinke til å ordna opp sjølve, det blir eg alltid imponert over, seier Janne Eikeland.

Ung gardsjente

I januar runda ho 12 unge år og så lenge ho kan minnast har hjarta til gardsjenta på Huglo slått ekstra kjærleg for eigne sauer og kaninar og for naboen sine hundrevis av smågriser. Det blir mange timar i og fjøs og løe med dyrestell og godprat.

Der sarte nasar kan reagera på stram lukt, seier Janne Eikeland at dette berre er heilt naturleg. Ho har sin eigen grøne «Felleskjøp»-kjeledress når ho i den mest hektiske fødeperioden er på grannegarden sitt vaktlag i det store grisehuset. Då kan det koma både 10 og 15 i same kullet og det blir kamp om purkemamma sine spenerekkjer. I ein fase heilt i starten av griselivet er det viktig at vakne menneskeaugo følgjer prosessen. Tilsynsjordmor Janne Eikeland kan fortelja om fleire redningsaksjonar.

Dullar med dyra

Ho har også ei fin soge å fortelja om Lotta, søya som denne påsken sette velskapte lam til verda endå ein gong. Lotta elskar nemleg ryggmassasje frå sin gode tofota ven.

— Eldstesauen vår fødde i natt og er sikkert trøytt etter strabasane, så kanskje ho ikkje er så interessert i å bli dulla ekstra med nett i dag. Me får sjå, seier Janne Eikeland og set seg på sin faste plass på innhegninga.

Når Lotta ser dette blir freistinga for stor. Den nybakte mor reiser seg, ser ei stund på sine sovande trillingar og går stillsleg til gjetaren for å bli massert.

— Dette er sjuande gongen Lotta føder og dermed blir ho i år både mor til sine eigne tre, mormor til Tulla sine tre og går det som det skal med dei andre drektige sauene blir Lotta i år også oldemor og tippoldemor.

Kanskje veterinær

— Trur du det blir noko med dyr som vert yrket ditt, når den tida kjem?

— Eg kan ikkje tenkja meg noko anna. Dyrestell er jo så lærerikt og interessant. Kunne ha god lyst til å ta over garden når pappa ikkje giddar meir, men må finna meg i at eg i det spørsmålet er avhenging av valet odelsøster mi tek. Har tenkt både på avløysarjobb og veterinærteneste, det er dyrekjære yrke det også, seier Janne Eikeland.

Alt godt i gang med å klappa og koseprata seg til besteven med årets påskelam.

JANNE EIKELAND med eitt av Lotta sine tre lam som vart fødd langfredag.