ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Det er særleg tre stader Norsk institutt for vannforsking (NIVA) har funne høge verdiar av polyklorerte bifenylar (PCB). Mistanken om lokal PCB-kjelde er størst nær kraftstasjonen i Tyssedal og ved Odda kommune sitt bosbrenningsanlegg på Lindenes. Det vert også retta ein mistanke mot oljetankanlegga på Holmen.

NIVA tilrår at jakta på PCB-kjeldene held fram.

Kvikksølv-skremsel Rett før den nye NIVA-rapporten vert offentleggjort, sender Hardanger Vekst AS ut ei pressemelding om at torsken i Sørfjorden er trygg. Dei baserer seg på ein rapport frå dr.scient. Amund Måge som rettar flengande kritikk mot Statens Næringsmiddeltilsyn (SNT).

Måge hevdar at SNT har nytta verkty for klassifisering av miljøkvalitet, ikkje helsefare.

SNT innførte såkalla kosthaldsråd etter eit uhellsutslepp av kvikksølv frå Norzink i perioden frå desember 1999 til mars 2000. Folk vart åtvara mot å eta fisk frå Sørfjorden.

— Det som vart vurdert som svært høge kvikksølvverdiar i Sørfjorden, ligg veldig langt under grensa for det som vert akseptert i drikkevatnet i heile Europa, også Norge, seier Måge.

— Hadde det ikkje vore for saltet, kunne vatnet dei fleste stader i Sørfjorden drikkast, også under sjølve utsleppet, seier han.

Måge er usamd i at SNT opprettheld «kosthaldsrådet» sitt fordi det er funne ein fisk med høg kvikksølvverdi. Det er snittverdien som må leggjast til grunn, seier han.

— Sjølv den eine fisken hadde lågare verdi enn gjennomsnittet for japansk sushi-fisk, og dei set ikkje verda på hovudet slik SNT har gjort, påpeikar Måge.

Sprøytemiddel I den nye rapporten frå NIVA er hovudvekta lagt på PCB-målingar. Men dei har også sett nærare på heksaklorbensen (HCB) og særleg plantevernmiddelet DDT, som for mange år sidan vart forbode i frukthagane.

Målingane viser høgare verdiar i elva Opo som renn gjennom Odda sentrum, enn ute i fjorden.

Årsaka kan vera utvasking av jordsmonn som for lenge sidan vart ureina av DDT, eller transport av DDT-haldig smeltevatn frå Folgefonna. Det er tidlegare sett fram teoriar om at DDT frå fruktsprøytinga før 1970 vart ført med vinden og avsett på breen. Ved auka smelting kan brevatnet ta med seg DDT som har vore lagra i snø og is, attende til fjorden.