Han overser glatt mitt hovudpoeng i eit tidlegare innlegg — om at jakt driven av menneske har vore ein viktig økologisk faktor i titusenvis av år, og hevdar at «oppegående, fornuftige mennesker» vil ta avstand frå det å «frata en skapning dens fulle rett til å leve».

Eg veit ikkje korleis ein i NOAH definerer denne typen menneske, men faktum er at over 90 prosent av nordmenn et kjøt. Med andre ord er flesteparten av oss enno ikkje så framandgjorte frå alt som har med naturen å gjera at vi ikkje ser at det å hausta naturressursar på ein skånsam måte er til det beste for alle partar. Nei, Jan Magnus Weiberg-Aurdal, eg føreslår at du og NOAH konsentrerer dykk om å hjelpa dyr som verkeleg får svi for menneskeleg framferd, til dømes mengda av heimlause, sveltande kattar i Bergen som eit resultat av at «dyrevenner» ikkje utfører verken kastrering eller sterilisering.

EIRIK MYKING MIDTBØ,

BERGEN