I ei fråseng til nye forskrifter om jakt og fiske, har utvalet mellom anna vedteke at forsøksordning med bogejakt bør kunne utførast i regi av Direktoratet for naturforvaltning og bogejaktforbundet.

Utvalet er derimot negative til at det vert krav om ettersøkshund under fuglejakt, skriv nettstaden Hardangerportalen. — Førebels er det berre snakk om prinsipiell støtte til ein forsøksordning, seier miljøvernleiar Gunnar Elnan i Eidfjord kommune til bt.no.

Dersom det vert noko av er aktuelle dyr det kan jaktas på er opptil rådyr i storleik. Det vert såleis lite truleg at reinsjegarane i framtida kjem til å sjå ut som indianarar.

KURTEN OG HJORTEN: Kurt Oddekalv er ein ivrig jeger med alle våpen. No kan han kanskje snart nytta pil og boge på jakt i Norge og. Denne flotte hjorten tok han med gevær. Arkivfoto BT.