Av Torill Selsvold Nyborg,

leiar i Hordaland KrF

Det undrar meg at han går så tungt inn på prosessar han sjølv ikkje har vore ein del av, og utan å visa til kjelder. Både for Jakobsen og for veljarane kan det vera på sin plass og orientera om korleis vi i KrF har tenkt om det nye fylkestinget.

Lenge før valet såg vi at det var fleire mulege konstellasjonar i tinget. Vi var fast bestemt på å halda fram i koalisjon med Sp, V og Ap dersom denne fekk fleirtal. Det såg ikkje slik ut før valet, og vi drøfta gjennom situasjonen der vi måtte henta støtte frå SV for å halda fram i noverande koalisjon. Vi var difor samde om å samtala både med noverande koalisjon og med Høgre/Frp etter valet. Slik sett hadde vi døra ope i begge retningar, noko som går fram av intervju med underteikna i BT og andre media før valet.

Dagen etter valet hadde vi sonderingar med sentrumspartia og med Ap. Deretter møtte vi Høgre og Frp. Basert på desse sonderingane, valde vi å innleia tingingar med høgresida. Dette er ein normal prosedyre og det er ikkje ureint trav korkje frå oss eller andre.

Det er feil å framstilla dette som eit val mellom noverande koalisjon og høgresida. Det var eit val mellom SV på eine sida og Frp på den andre. Med bakgrunn i dei erfaringar vi har med SV på fleire viktige politikkområde i fylket, var valet ikkje vanskeleg.

Vi har ikkje ytra eit vondt ord om den noverande koalisjonen. Det ville heller ikkje vera rett etter eit konstruktivt samarbeid i fire år. Eg ser på Arne Jakobsen som ein heidersmann til liks med mange av dei andre, men vi har ikkje gitt lovnad om noko forpliktande politisk ekteskap med sentrum/Ap. Både vi og dei andre må sjå at valet har endra situasjonen i fylkestinget.

Dei politiske sakene vil vi koma tilbake til i ein seinare presentasjon. Men Jakobsen kan ta det roleg, han skal kunne kjenna KrF igjen også i det nye fylkestinget.