Av Lars-Henrik Michelsen,

leiar i Unge Venstre

For Unge Venstre handlar økonomisk utvikling i den tredje verda om tre føresetnader: Meir bistand, ubetinga gjeldsslette og ein rettferdig verdshandel. Det siste er den viktigaste reiskapen i kampen mot den materielle fattigdomen, men kan likevel ikkje stå åleine. For akkurat som Hausken skriv, så er det mykje som manglar før afrikanske land får ein effektiv og eksportretta industri.

Frå 1. juli 2002 opna Venstre og dei to andre regjeringspartia opp for toll— og kvotefri import for alle varer frå verdas minst utvikla land. Dette skulle gje MUL-landa eit konkurransefortrinn, slik at fleire skulle spørje etter varene deira. Diverre har den store import-boomen latt vente på seg, noko som har fleire årsaker. Ein av dei er den dårlege eksportkapasiteten.

Ein annan haldningane til norske butikkjeder. Eg er ikkje i tvil om at det finst varer som kunne vore importert frå afrikanske land framfor europeiske og amerikanske. Varer som REMA, Rimi og andre kjeder lett kunne ha tilbydd oss forbrukarar dersom dei hadde gått inn for det. Grunnen til at dei ikkje gjer det trur eg har med Afrika sitt imageproblem å gjere. Ingen er vel interessert i å kjøpe varar frå eit kontinent som symboliserer tørke, aids og analfabetisme.

Det var dette imageproblemet eg prøvde å adressere i BT den 30. oktober, med å føreslå at regjeringa burde bruke pengar på eit «Godt Afrikansk»-merke framfor dagens «Godt Norsk»-ordning. Dette fordi ei positiv marknadsføring av varer frå afrikanske land er sårt naudsynt.

Imageutfordringar og manglande eksportkapasitet må likevel ikkje stogge arbeidet med å auke vareimporten frå Afrika. Dersom ein ser på handel generelt som noko positiv, og trur det kan vere med å utrydde den materielle fattigdomen i verda, ja, då er det ingen ting i vegen for at ein òg kan ønskje seg afrikansk biff i kjøledisken der ein handlar.

Men for å få det til må vi som forbrukarar ta i bruk det sterkaste maktmiddelet som finst innan marknadsøkonomien: etterspurnaden.