At leiingi i det selskapet som er samanslege av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, no vil gjeva det nye selskapet det meiningslause namnet «Fjord ein».

Ei stund såg det ut til at somme av dei som stend attum dette såg toskeskapen, og ville gå attende på framlegget.

Den siste meldingi i Bergens Tidende i dag tyder diverre på at dei ansvarlege no likevel kan koma til å gjennomføra det.

Skulle dette verta gjennomført, vil eg uppmoda aviser og andre media um å både skriva og uttala namnet slik det er naturleg for fleirtalet av dei som bur i Sogn og Fjordane, og for den del, dei som bur i Hordaland.

Ruteselskapet Fjord ein ! Då vil me få demonstrert toskeskapen fullt ut.

KJELL KJERLAND, LEIAR FOR VESTLANDSKE MÅLLAG