Dermed har alle dei viktigaste lokale høyringsinstansar gått inn for kraftverket. Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal vedgår likevel overfor NRK Sogn og Fjordane at dei har strekt seg langt. Bygginga av kraftverket inneber at verna område som ligg innanfor grensene til Jostedalsbreen Nasjonalpark, blir regulert. Om det nokon gong blir kraftverk i Kjøsnesfjorden er likevel eit ope spørsmål. Signala frå nyttårstalen til statsminister Jens Stoltenberg om at regjeringa meiner tida for dei store kraftutbyggingane i Norge er forbi, kan setje bom for kraftverket i Kjøsnesfjorden.