Dette vil medføre at elevar som har nynorsk som hovudmål slepp å få undervisning i bokmål som eiga målform i norsk. Grunngivinga for dette er at mange elevar er for svake i å skrive den målforma dei har som hovudmål. Ein del av dei tykkjer også heller dårleg om sidemålsundervisninga. Byrådet vil derfor snevre inn undervisninga i norsk og berre lære dei ein del av norskfaget.

No har undersøkingar vist at mange elevar er dårlege i matematikk, jamvel tykkjer dei også dårleg om matematikkfaget. For å gjere elevane meir dugande i matematikk kunne ein fjerne pensum utover grunnskuletrinnet i vidaregåande skule. Dette ville utvilsamt gjere elevane dugande i matematikkpensumet, men det vil neppe vere tilstrekkeleg for vidare studiar på universitet og høgskule. Mange elevar treng undervisning i båe målformer i norsk, også bokmål. Seinare jobb i næringsliv og det offentlege vil krevje at elevane i tillegg til nynorsk også meistrar bokmål tilfredsstillande. Ei fjerning av bokmålsundervisninga i skulen vil gjere at elevane ikkje har ei tilfredsstillande utdanning til seinare teneste i arbeidslivet. Bergen Sentrum Senterparti tek derfor avstand frå ei slik øydelegging av norskfaget. Vi vonar at byrådet i Bergen ikkje fylgjer sine kollegaer i Oslo, men framleis syter for eit godt norskfag også i Bergen.

OVE SVERRE BJØRDAL, STYREMEDLEM, BERGEN SENTRUM SENTERPARTI