Når eit fleirtal blant israelarane ønskjer ein fredsavtale med palestinarane, kvifor røystar dei då på krigaren Ariel Sharon? Dette er eitt av fleire paradoks ved det israelske valet i dag, der vi får demonstrert at det israelske folket er eit splitta folk.

Den israelske nasjonalforsamlinga Knesset har berre 120 plassar. Men dei blir etter alt å dømma fordelt på 12 politiske grupperingar. I Knesset har Sharons Likud-parti og Arbeidarpartiet tradisjonelt spelt ei dominerande rolle. Men med ei sperregrense på 1,5 prosent er det duka for at alle særinteresser — ikkje minst religiøse - stadig blir representerte i Knesset.

Meiningsmålingane fortel at det blir to dominerande tendensar ved valet i dag: Statsminister Ariel Sharons Likud-parti kjem til å få markert framgang, frå 19 representantar til godt over 30, medan Arbeidarpartiet - med statsministerkandidat Amram Mitzna i front - kjem til å gå kraftig tilbake.

Ja til Sharons jarnneve

Sharons framgang må forklarast. Han har ført ein økonomisk politikk som er ein tilnærma katastrofe. Arbeidsløysa er rekordhøg. Han er, saman med sønene, skulda for korrupsjon i eit omfang som jamvel i Israel har vekt oppsikt. Talet på israelarar som er blitt offer for palestinsk terror har aldri vore høgare enn i siste toårsperioden. Men dette blir meir enn balansert av jarnneven han har vist i sin omgang med palestinarane. Sharons svar er militær maktbruk. Det meiner mange desillusjonerte israelarar er det rette svaret. Det skal ikkje stikkast under stol at mange israelarar, som i utgangspunktet var for ei forhandlingsløysing med Arafat, har endra oppfatning i det blodbadet vi har sett i Israel siste par åra.

På lengre sikt er det eit fleirtal av israelarane som vil ha fred med palestinarane. Det tilbodet fekk dei frå Arbeidarpartiets Amram Mitzna. Han vil forhandla fram ein palestinsk stat på ruinane av Oslo-avtalen. Det er det ikkje klima for nett no. Det kan vi, som sit på utsida og skal meina noko om dette, synast er stor synd. Det hjelper så lite. Det er israelarane som skal velja. Dei kjem nokså sikkert til å setja stopp for Mitznas vidare karriere som Ap-leiar. Kven som blir den neste er meir usikkert. Kranglinga om kven som er best eigna til å leia det israelske Arbeidarpartiet har heller ikkje vore til gunst for Ap.

Meir nådelaus Sharon

Israel har gått bort frå ordninga med eigne val av statsminister. Det fungerte - slik mange spådde - dårleg. Men Ariel Sharon kjem til å bli kalla til å skipa regjering fordi han etter alt å dømma blir leiar for den største grupperinga. Døra til Arbeidarpartiet er for tida stengd. Difor lyt han inngå kompromiss med dei religiøse partia på høgresida, og dei kan gjera han endå meir nådelaus i kampen mot palestinarane.

Det er uråd i dag å sjå at Sharon skal kunna finna fram til ei fredeleg løysing med Arafat & Co. Med mindre palestinarane let seg overtyda av det egyptiske initiativet, som vil ha eitt års stopp i valdshandlingane inne i Israel.

Skulle det falla i fisk vil ein varig fred først bli mogeleg dersom israelarane på eit seinare tidspunkt gir støtte til Arbeidarpartiet og Mitznas fredsplan.

I Israel er entusiasmen for ei slik fredsordning avgrensa. Mange meiner det er å gje frå seg noko for ingenting. Men dei som ser lenger enn nasen rekk meir enn anar at det er her løysinga ligg. Og den demografiske utviklinga tvingar dei til å tenkja i slike baner.

Tryggingsanalytikaren Joseph Alpher resonnerer omkring dette i eit intervju med Vårt Land laurdag. Han var tidlegare for den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gaza. No har han endra syn:

Einaste vegen å gå

«Det som fekk meg til å snu, var at det gjekk opp for meg kor alvorleg den demografiske utviklinga er. Om ikkje mange år er det palestinsk fleirtal vest for Jordanelva. For at Israel framleis skal vera ein jødisk og demokratisk stat, må vi ut av dei palestinske områda. Det er klart at det er ulemper. Vi gjev opp noko for ingenting. Vi sender eit uheldig signal ved å byggja gjerde. Men dette er einaste vegen å gå. Eg har diskutert det med palestinarar. Dei er redde for nye busetnader utanfor gjerdet og for at dette er endå ein måte å laga situasjonen verre på. Men eg opplever at det er aukande vilje til å tenkja einsidige steg,» seier Alpher til Vårt Land.

Alpher trur Arbeidarpartiet i opposisjon kan utforma eit realistisk alternativ til Sharon, der løysinga blir ei einsidig israelsk tilbaketrekking. Det er mildt sagt eit særs omstridd framlegg.

Med Sharon i allianse med dei religiøse høgrepartia kan vi oppleva det motsette: Fleire nye israelske busetnader på det som per definisjon er palestinsk jord. Det vil virka særs provoserande på palestinarane og undergrava det egyptiske initiativet om mindre vald.

Eit Israel under Ariel Sharon gjer sin kamp mot palestinarane til ein del av Bushs kamp mot global terrorisme. Sånn sett er det vanskeleg å sjå at dagens val i Israel kan bringa optimisme inn i kampen for ein varig fred i Midtausten.

STØTTE TIL SHARON: Målingane viser at statsminister Ariel Sharon og hans harde linje får aukande oppslutnad blant israelarar.