it-satsinga på Voss

ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.no

Tre barndomsveninner frå Vangen skule har lokka med seg tre andre på dristig kafédrift i den tidlegare daglegstova i nedlagt aldersheim midt i Voss sentrum.

Arkitekt Signe Mossige har teke på seg vervet som styreleiar. Fysioterapeut Grete Relling er gift med ein av gründarane av Nordisk Språkteknologi (NST) og Liv Jorunn Solstad er personalsjef i firmaet. To andre aksjonærar er også NST-tilsette, deriblant ei svensk jente.

– Med mange nye «vossingar» på kort tid har det vakse fram ynskje om ein internordisk treffstad, seier Liv Jorunn Solstad til Bergens Tidende.

Ho trur også at «innfødde» gjerne vil koma i kontakt med dei nye. Solstad vil ikkje utferda garanti for at språkteknologar kan påtreffast til ei kvar tid.

Ivar@asen er ein vanleg kafé, open på dagtid og om kvelden, mykje etter same mønsteret som Ringheimskaféen, med øl— og vinrett.

Under den offisielle før-opninga torsdag kveld underheldt rådmann Einar Hauge med Aasen-tekstar. Han akkompag-nerte seg sjølv på piano med ein imponerande improvisasjon over kjende tonar til Aasen-dikt.

Sjølv om NST av forretningsmessige grunnar prioriterer bokmål framfor nynorsk, meiner dei seks kvinnene bak føretaket at Ivar Aasen (1813-96) hadde tolt å den digitaliserte namnebruken. Han stod for nybrottsarbeid, og var framsynt.

– Språkteknologane frå Voss går i Ivar Aasen sine fotspor når dei reiser land og strand rundt for å samla inn taleprøver. Aasen samla berre frå Noreg – no har teknologane teke eit steg vidare og samla inn frå heile Norden, heiter det på menyomslaget.

Sjølvsagt har kafeen sikra seg asen.no som domene på Internett. Men det er slett ingen internett-kafe.

– Datamaskiner har vi nok av på jobben. På kafeen skal vi treffa folk og slappa av, seier Solstad. Men ho utelukkar ikkje ein og annan språkteknologisk gimmick med tida.

Det blir i så fall meir avanserte greier enn dei farga kulene til middagsbestillinga då Indremisjonskafeen i Vangsgata var ny og revolusjonerande tidleg på sekstitalet.