Dei vert derimot særs urolege når arbeidsfolka sjølve vil eta av kaka. Då er det viktig med måtehald, elles vert det varmgang og ukontrollert gjæring i heile bakverket, seier dei, og då er me ille ute.

Denne skikken med å gje små kakestykke (eller ingenting) til dei små, tykkjer landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen er så god at han vil gjera likeeins ved jordbrukstingingane.

Dette tykkjer me er ein dårleg skikk!!!

Me vil ha ei rein og trygg kake (fri for hormonar, gentukling og anna fanteri). Små bakeri er betre garantistar for sunne og trygge bakverk enn store bakeri.

La Marte Svennerud si ånd få gjennomslag i årets lønstingingar og jordbruksoppgjer.

Ver raus med dei småe, og få dei store til å visa måtehald.

Christine Andreassen, fylkesstyret Kvinne og Familieforbundet i Hordaland,Oddny Miljeteig, forbundssekretær Fellesorganisasjonen i Hordaland,Bjørn Lothe, pol. nestleiar Hordaland bonde— og Småbrukarlag